søndag 29. juli 2012

Heilgrilla pestofyllt svinefilet surra med bacon, ovnsbakte grønnsaker og potetsalat

No er det ein del etterspørsel etter menyen frå 40 årsfeiringa mi, så då er det vel på tide å legge ut oppskriftene. Først ut er hovedretten:o) Eg valgte å fylle svinefileten med raud pesto, og gjorde ein liten vri...istadenfor pinjekjerner benytta eg valnøtter. Men om du føretrekk pinjekjerner går det heilt fint å bruke det i stadenfor. Husk då at dei må ristast i tørr steikepanne først.
SVINEFILET MED PESTO OG BACON:
Ca 800 gram indre- eller ytrefilet av svin
Ca 150 gram bacon
Hyssing
RAUD PESTO:
Ca 50 gram soltørka tomatar i olje
1 kvitløksfedd
25 gram valnøtter
Ca 30 gram parmesan
1 ts salt
1/2 ts svart peppar
2 dl olivenolje
Køyr tomatar, kvitløk, valnøtter og parmesan i food processor til alt er kverna godt saman. Tilsett krydder og køyr vidare. Tilsett oljen litt etter litt til konsistensen er fast, men ikkje tørr.


Del fileten på langs nesten tvers gjennom. Fyll på med pesto og rull fileten saman. Surr med bacon og fikser med hyssing.
Legg på grillen og snu den ofte for å unngå at den vert svidd. Grillast i omtrent 15 minutt. Fileten skal då vere litt fjærande med motstand. La den kvile under folie i ca 10 minutt.
OVNSBAKTE GRØNNSAKER:
1 raudløk
1 purre
3 reddikar
2 selleristenger
1 paprika
2 gulerøtter
10-15 cherrytomatar
Salt
Peppar
Lønnesirup
Skrell og kutt raudløken i ringar. Skyll purren og kutt den i litt tjukke ringar. Vask reddikane, del dei i to og kutt dei i skiver. Kutt opp selleristengene. Skrell gulerøttene og skjær dei i skiver. Skjær paprikaen i strimlar og del cherrytomatane i to.


Ringle over lønnesirup og set grønnsakene midt i ovnen på 200 grader i 10-15 minutt. Når tomatane fell litt saman er grønnsakene ferdige.


Oppskrift på potetsalat finn du HER!!
Fjern hyssingen på fileten og del den opp i passelege skiver. Legg opp på tallerkenar saman med potetsalat og grønnsaker.Server!!
VEL BEKOMME:o))

lørdag 28. juli 2012

Tomatrelish

Sommerstiden kan by på en del pølser og hamburgere...det er lett å ty til når grillværet gjør sitt inntog, og man vekker stor begeistring hos barna. Hjemmelagde hamburgere er ikke å forakte...men for min del minker begeistringen om det  blir servert for ofte. Pølser står definitivt ikke på topp 10-listen...men smaker godt innimellom. Imidlertid kan et pølsemåltid bli rene festen ved å servere en relish til:o)
DU TRENGER:
3 tomater
1 paprika
1 nektarin
1/2 rødløk
1/2  chili
1 neve sitronmelisse og mynte
2 ss olje
1 ss sitronsaft
1 klype sukker
Maldonsalt
Kvernet pepper
Kutt tomater, paprika, rødløk og nektarin opp i små firkanter. Finhakk chilien. Ha over i en passende skål. Finhakk mynte og sitronmelisse. Bland sammen sitronsaft, olje og sukker. Slå over og bland godt sammen. Smak til med salt og pepper.
Serveres som tilbehør til pølser og hamburgere. Det fungerar også fint sammen med annen grillmat.
VEL BEKOMME:o)

fredag 27. juli 2012

Lam med ovnsbakte poteter, ost og grønnsaker

Gresk mat er både smakfull og delikat. Det jeg husker best fra ferien til Hellas for mange, mange år siden er det gode brødet og tzatzikien som ofte ble servert som ventemat eller som en del av selve retten....Her har jeg gjort et forsøk på å gjenskape maten som jeg nesten kan kjenne smaken av på tungen når jeg lukkar øynene....og det ble slett ikke så verst:o)
LAM:
800 gram lammefilet/stek
1 ss frisk, hakket basilikum
1 ss frisk, hakket rosmarin
1 ss frisk, hakket timian
Bland urtene sammen og gni inn fileten/steken. Brun ned 2 ss smør i en gryte og legg i lammet. Brun godt på alle sider, sett ned på svak varme og legg på lokk. La kjøttet ligge i gryten og brune seg videre i 20-25 minutter. Snu litt på det med jevne mellomrom. Pakk deretter inn i folie og la hvile i ca 10 minutter.
OVNSBAKTE POTETER, OST OG GRØNNSAKER:
Ca 4 småpoteter pr. person
1 rødløk
1 boks cherrytomater
1 glass fetaost i olje
20 sorte oliven
Kutt potetene opp i små båter, med skall. Kutt cherrytomatene i fire. Skrell og kutt opp rødløken i passende biter. Legg over i en liten langpanne og hell over fetaost og olje. Bland det hele godt sammen og stek midt i ovnen på 200 grader i 15-20 minutter. Smak evt til med salt og pepper om du ønsker det.
Legg opp lam i delikate skiver og fyll på med poteter, ost og grønnsaker.
Server tzatziki og gresk brød til.
VEL BEKOMME:o))

torsdag 26. juli 2012

Fjellørettfiletar med couscous, glaserte rødbeter og gulerøttet

Det er ikke mykje som kan sammenlignes med å ha selvfisket fisk til middag. Det er den ultimate matlykke, og smaker ekstra godt bare med tanken på at man har fått den opp fra fjellvannet for egen maskin;o) Rakel er standhaftig og nekter å smake på egen fangst, mens Fredrik derimot kan spise fisk...så lenge den er selvfisket:o) Denne gangen var fangsten 8 fjellørret/kjø/krede av varierende størrelse...kjært barn har mange navn...
DU TRENGER:
8  fjellørret
Maldonsalt
Kvernet sort pepper
Kvernet hvit pepper
Chili explosion
Couscous
3 gulerøtter
3 rødbeter
2 ss olivenolje
1 dl rødvinseddik
3 ss sukker
Sløy og fileter fisken. Strø på litt salt og kvern over chili explosion, sort og hvit pepper. Stek fiskefiletene ca 2 minutter på hver side.
Skrell rødbeter og gulerøtter. Kutt rødbetene i firkanter og gulerøttene i staver. Surr grønnsakene i olje på svak varme i 3-4 minutter. Tilsett rødvinseddiken og la det koke ned til eddiken er fordampet. Tilsett sukker og bland godt. La det hele karamellisere på svak varme.
Når du koker noe sammen med rødbeter, avgir rødbetene så mye farge at det som er i følge også vil bli farget rødt. De øvrige grønnsakene beholder likevel sin egensmak, selv om de blir røde.
Kok couscous etter anvisning på pakken. 
Legg opp fiskefilete, couscous og grønnsaker på tallerkener. Server!!
VEL BEKOMME:o)

tirsdag 24. juli 2012

Tzatziki

Tzatziki er noko eg har tenkt i fleire år at eg skal lage, men eg har liksom aldri komt meg så langt...no er det jo og mykje enklare å lage sidan den greske og tyrkiske youghurten har gjort sitt inntog i Norge. 
DU TRENG:
150 gram agurk
1 ts salt
1 1/2 dl gresk youghurt
1 kvitløksfedd
1 ts eddik
1 ss olivenolje
Svart peppar frå kvern
Grovriv agurken og legg den over i ei sil. La den renne av seg i ca 1 time. Klem då ut siste rest av væska. Finhakk kvitløken og og rør inn i youghurten saman med eddik og olivenolje. Bland inn agurken og smak til med peppar. 
La stå i kjøleskap fram til bruk.
VEL BEKOMME:o))

mandag 23. juli 2012

Gresk brød

Eit godt brød er aldri å forakte...og eg innrømmer gjerne at det er litt meir lystbetont å bake brød no når eg har fått kjøkkenmaskin i hus. Eg har bakt for hand i alle år, og likar godt den følesen ein får når ein jobbar med deiga. Men samtidig er det tungt arbeid, og nakke og skuldrar er ikkje slik dei eingang var etter mange år i helsevesenet. Men bakt har eg dog gjort...men no vert det enno flittigare:o)) Denne gangen har eg laga ein gresk brødvariant, og det smakte utruleg godt.
INGREDIENSAR:
50 gram gjær
2 ss olivenolje
1 ss honning
2 ts salt
2,5 dl gresk youghurt
2,5 dl vatn
2 dl semiliegryn
8 dl kveitemjøl
Varm opp youghurt og vatn til 37 grader ved fersk gjær, 40 grader ved tørrgjær. Rør gjæra ut i youghurt og vassblandinga. Tilsett honning og salt. La kjøkkenmaskina gå på svak styrke og tilsett mjøl og semiliegryn litt etter litt. Auk styrken og la maskina gå til du har ei smidig og glatt deig. Dekk bollen med plast og set lunt til heving til deiga har oppnådd dobbel størrelse, ca 1 time.
Slepp deiga ut på mjølete bakebenk/bord og kna den godt saman. Del deiga i to og bak ut til to rustikke brød. Legg dei over på bakepapirkledd steikeplate.
Set komfyren på 40 grader og set brøda inn nest nederst i ovnen. La dei heve seg opp i ovnen til ca dobbel størrelse, dvs omtrent ein ny time. Auk temperaturen til 200 grader og la brøda steike vidare i omtrent 30 minutt. Du skekkar enkelt om brøda er ferdige ved å banke på undersida. Er lyden hul er dei ferdige, får du ein meir dump lyd treng dei litt lenger tid.
Avkjøl på rist. 
VEL BEKOMME:o)

onsdag 18. juli 2012

Sitronkjeks

Vergudane tykkjer visst at det er heilt nødvendig å gi bøar, plenar og blomster vatn...og då meinar eg rikeleg med vatn!! Her regnar det jamnt og trutt...og dei siste dagane har vore tilbrakt innandørs. Då gjeld det å aktivisere seg, og det har eg gjort med å bake:o)
LEIT FRAM:
225 gram smør
110 gram sukker
275 gram kveitemjøl
Skal av 1 sitron
GJER SLIK:
Rør smør og sukker kvitt og luftig. Vask sitronen og rasp skalet med eit zestjern e.l. Tilsett skalet og sikt i mjølet. Køyr deretter blandinga raskt saman til den samlar seg til ei mjuk deig.
Strø litt mjøl på bakebenken og kjevle ut deigen til den er ca 1/2 cm tjukk. SStikk ut med valfri form. Denne gangen brukte eg ein harepus. Du kan og trille deigen ut til små toppar som du trykker flate med gaffel om du heller ynskjer det.
Steikast midt i ovnen på 175 grader i 12-15 minutt.Dei skal då vere lyst gyllenbrune og litt faste på toppen. Avkjøl på rist. 
Oppbevarast i tett kakeboks....dersom det vert nokon att;o)
VEL BEKOMME:o)

mandag 16. juli 2012

Pizza med karbonadedeig og chorizo

Sommaren skrid sin gang, og i skrivande stund er vi allerede komne til 16 juli. Av ulike årsaker har det vore og vil framleis vere lite aktivitet på bloggen denne sommaren. Sånn er det til tider...andre og viktigare ting må prioriterast. Imidertid har 40 årsdagen min komt og gått....eg hadde planlagt hageselskap, men i ellevte time lot vergudane meg i stikken...og regnet slo til for fullt. Dermed vart naudløysninga sett i sving, og vi enda med koseleg låvefest i stadenfor. Eg serverte tre rettarsmiddag for gjestane, og oppskriftene vil sjølvsagt kome på bloggen etterkvart. Svogeren min bidrog som trubadur, og eit stort antall familie og vener bidrog både i forkant, under og etter festen for å gjere dagen så flott som muleg!! Masse flotte gaver kom jubilanten til gode, og no er bl.a den lenge etterlengta Mr. Kenwood komen i hus:o))
PIZZADEIG:
3 dl lunka vatn
50 gram gjær
2 ts sukker
1 ts salt
1 egg
6-7 dl kveitemjøl
4 ss olje
Bland godt saman alle ingrediensane unntatt oljen. Elt saman deiga til ho er glatt og smidig. Tilsett deretter oljen og køyr eller kna den godt inn i deigen. Set deiga lunt til heving til den har oppnådd dobbel størrelse...ca 1 time.
Slepp deiga ned på bakebordet/benken og kna den godt saman. Kjevle deretter ut til den passar i ei stor langpanne. Legg deigen over i den bakepapirkledde langpanna.
FYLL:
400 gram karbonadedeig
100 gram chorizo
Hot tomatsaus
1 stor reddik eller 2-3 små
2 vårløk
1 liten fennikel
1 boks ananas eller 1/3 fersk ananas
Ca 200 gram norvegia
Del reddiken i to og deretter dei to halvdelane i to att. Kutt opp til tynne skiver. Kutt vårløken i ringar og fennikelen i terningar. Steik karbonadedeiga og tilsett chorizo og tomatsaus. La putre nokre minutt på svak varme og slå deretter av. Rett før fyllet tilsettast på botnen blandar du ned grønnsakene.
Fordel fyllet utover pizzabotnen og set pizzaen midt i ovnen på 200 grader i ca 15 minutt. Strø deretter over osten og steik vidare i 10 minutt til.
Avkjøl, skjær opp i passande stykker og server!!
VEL BEKOMME:o))