onsdag 27. juni 2012

Grillspyd med svinekjøtt og frukt

Jonsok/St.Hans er komt og gått...og dermed er sola offisielt snudd...men heldigvis har vi mykje sommar att enno, og vi kryssar fingrane vert mange for at det vert mange soldagar og:o) Her er i alle fall menyen frå Jonsok/St.Hans!!
GRILLSPYD:
800 gram svinefilet
Maldonsalt
Peppar(five peppers)
6 aprikosar
1/2 ananas
1-2 rabarbrastilkar, alt etter størrelse
Lønnesirup


Del aprikosane i to og fjern steinane. Del deretter kvar del i to att. Vask og kutt rabarbrastilkane i passande bitar. Kutt ananas i passande bitar.
Bland saman salt og peppar og "dypp"  ein del av kjøttbitane i blandinga. Her har eg ingen eksakte mål, det må blandast etter smak og behag.
Tre spyda. Start og avslutt med kjøtt.Drypp over litt lønnesirup. Legg spyda på grillen, og la dei ligge ca 5 minutt på kvar side. 
Potetsalat. Følg linken for oppskrift og framgangsmåte.
GRØNN SALAT:
Isbergsalat
Vannmelon
Spisspaprika
Cherrytomatar
Sukkererterønnsaker
Reddikar


Kutt opp salat og grønnsaker, bland godt saman.
DRESSING:
1 boks creme fraiche
1 neve bailikum, finhakka
Svart peppar


Bland saman creme fraiche, basilikum og peppar.


Legg opp grillspyd, potetsalat og grønn salat. Ringle over litt dressing.
Server!!
VEL BEKOMME:o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line