Sidan Svigermor og Heine snart skal avgårde på langferie tykte vi det var på sin plass å invitere dei på middag før dei reiser. Med det veret vi har hatt denne veka var det naturleg med grillmiddag. Men desserten grubla eg litt meir på. Hadde ein ide om jordbær og kanskje appelsin, surfa litt på nettet og kom over mange oppskrifter på limemarinerte jordbær,som forøvrig skal prøvast...Denne gangen fekk eg ein ide om å prøve med appelsinmarinering, noko som vart særdeles vellykka:o))
APPELSINMARINERTE JORDBÆR:
1 korg jordbær a` 500 gram
1 appelsin
3 ss sukker
Rens og del jordbær i to. Dryss over sukker og bland det heile forsiktig saman. La bæra stå på benken i ca 10 minutt og sukre seg litt opp. Riv av skalet på appelsina og dryss omtrent halvparten over bæra. Ha ca 1/2 ss sukker på resten av skalet og set til sides. Del appelsina i to, og prikk gjerne kjøtet med ein gaffel. Skvis safta over jordbæra og bland lett saman. Set i kjøleskapet fram til bruk.
MASCARPONEKREM:
3 egg
150 gram sukker
1 vaniljestang
1 boks mascarpone( ca 200 gram)
Skill egga og pisk eggekvitane til dei dannar mjuke skumtoppar. Tilsett deretter 100 gram sukker litt etter litt og pisk til du har ein blank og glatt marengs.
Ha eggeplommane i ein passande bolle. Tilsett resten av sukkeret. Splitt vaniljetanga i to, skrap ut frøa og ha dei over til eggeplommane og sukker. Pisk saman til ein luftig eggedosis.Tilsett mascarponen og pisk den godt inn i eggedosisen. Tilsett til slutt marengsen og fold den forsiktig inn til du har ein glatt og fyldig krem. Set i kjøleskapet fram til bruk.
Du kan anten servere i porsjonsskåler der du legg opp jordbær og ein dæsj mascarponekrem som du pyntar med litt appelsinskal og sitronmelisse, eller du kan kan setje fram både jordbær og krem i fine skåler som du pyntar med appelsinskal og sitronmelisse. Då kan gjestane servere seg sjølv!!
VEL BEKOMME:o))

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line