onsdag 30. mars 2011

Kjøttdeigwok

Unnagjort i ein fei, og dermed en perfekt hverdagsrett:o))
DU TRENGER:
1 pk kjøttdeig, her kan du bruke storfe, svin eller kylling.
2 ss olje
2 gulerøtter
3 stangselleristilker
2 dl vann
1/4 dl oystersauce
2 fedd hvitløk
1 1/2 dl peanøtter
Maldonsalt
Kvernet pepper
Koriander
Makaroni
SLIK GÅR DU FREM:
Tilsett 2 ss olje i woken og varm den godt opp før du steker kjøttdeigen raskt. Legg så kjøttdeigen til sides. Skrell og kutt gulerøttene i tynne staver, kutt stangselleri i tynne skiver. Stek dem så raskt i woken. Tilett hvitløk, vann og oystersauce. Smak til med salt og pepper.
Stek peanøtter i en varm, tørr panne til de Blir gylne. Bland dem så inn i woken.
Kok makaroni etter anvisning på pakken.
Server woken sammen med makaroni og strø over hakket, frisk koriander rett før servering.
VEL BEKOMME:O)

tirsdag 29. mars 2011

Brownie med after eight

Å servere brownies blir aldri feil...og den er også veldig lett å gjøre glutenfri. Her er det små mengder med mel, som lett kan byttes ut med glutenfritt mel...
Denne knallgode oppskriften fant jeg inne hos MANUELA:o)
LET FREM:
230 gram smør
230 gram mørk sjokolade. (Jeg brukte en blanding av 70 % og selskapssjokolade)
130 gram hvetemel eller glutenfritt mel
500 gram sukker
2 ts vaniljeekstrakt eller vaniljesukker
4 egg
After eight sjokolade
Smelt smør og sjokolade på svak varme. Tilsett deretter sukker og bland det godt inn. Deretter skal eggene tilsettest ett og ett, rør ca 30 sekund mellom hvert egg. Tilsett til slutt melet og rør dette lett inn.
Tøm mesteparten av røren over i en liten bakepapirkledd langpanne. Legg over after eight sjokolade og fyll så på med resten av røren.
Stekes i ovn på 160 grader, bruk gjerne varmluft, i ca 30 minutter.
Når kaken er avkjølt kan du sete tden i fryseren i 20 minutter, da unngår man at kakene smular sånn.
Server gjerne sammen med is...
VEL BEKOMME:o)

mandag 28. mars 2011

Heimelaga is

Som nevnt tidlegare har eg to barn som likar å utfalde seg på kjøkkenet. Dei tykkjer det er spennande å lage mat og prøve seg fram anten åleine eller saman med underteikna. Deira kokkeleringar kjem til å bli presentert på bloggen med jamne mellomrom under kategorien prosjekt skulekjøkken og det er ikkje rom for negative eller ufine kommentarar i desse innlegga. Dersom slike kommentarar vert lagt att, vert dei fjerna av bloggadministrator. 
HUSK!! Dette er barnas prosjekt og er etter ynskje frå dei lagt ut på bloggen:o)
I dag har Fredrik hatt heimedag pga feber og halsvondt, og han hadde eit stort ynskje om å få lov til å lage is..."sidan det er så godt for halsen, Mamma" ;o)
DETTE TRENG DU:
4 eggeplommar
100 gram sukker
2 ts vaniljesukker
4 dl kremfløyte
FRAMGANGSMÅTE:
Pisk eggeplommar og sukker til eggedosis. Stivpisk deretter kremfløyten og vaniljesukkeret. Bland så kremen inn i eggedosisen. Vi tok 1/3 del av isen over i eiga form som vi tilsette kakestrø i. 
Kvart 20 minutt sendte eg han for å røre i isen. Dette for å unngå iskrystallar. Prosessen vart gjenteken 4-5 gangar før eg ga klarsignal for å la isen fryse heilt til.
Isen gjekk ned på høgkant, og begge sortane vart pynta med kakestrø...
VELBEKOMME:o))

søndag 27. mars 2011

Vekemeny, veke 13/ 2011

Arbeidshelga er over og no vert det kun avslapning på mandag som er erstatningsfri for helg...Ungane har ikkje vore heilt i form i dag, og eg er redd for at det i alle fall vert heimedag for ein av dei i morgon....Ja, ja, sånn er det no berre innimellom. Skal ikkje klage for eg har eigentleg usedvanleg friske ungar, bank i bordet på den!!
Her kjem i alle fall middagsforslag for komande veke, så håpar eg at her kan vere noko av interesse for einkvar!!

MANDAG:
Lysing med italienske smakar

TIRSDAG:
Skinkegrateng


ONSDAG:
Rødbetsuppe

TORSDAG:
Pasta Carbonara


FREDAG:
Minipizza med kjøttdeig, pepperoni og rømmedressing


LAURDAG:
Viltgryte

SØNDAG:
Nakkekotelettar med pasta og lunt følge



DESSERT:
Syrleg pannacotta med kiwisalat

Ynskjer alle ei komande, fin veke som forhåpentlegvis vert mindre snøfri enn i dag:o)

Minipizza med pepperoni, kjøttdeig og rømmedressing...

Pizza i heimen vert stort sett aldri feil....Eit populært middagsinnslag som kan varierast mest i det uendelege...her er det eigentleg berre å la fantasien få fritt spelerom!! Tidlegare var eg veeeldig tradisjonell på pizzafronten. Eg hadde komt fram til eit fyll som fungerte og var fornøgd med det. Men no elskar eg å eksperimentere og kome fram til nye pizzafyll og smakar....
Her kjem oppskrift på helgas pizza:o)
BOTN:
400 gram kveitemjøl
300 gram sammalt kveite. fin
5 dl lunka vatn
1 1/2 ts salt
50 gram gjær
1 ts bakepulver
6 ss olivenolje
Bland saman mjøl, gjær, vatn, bakepulver og salt til ei smidig deig. Hell over olje og kna det lett rundt deiga. Set til heving til deiga har dobbel størrelse, ca 30-40 minutt.


Slepp deigen ned på eit bakebord og del i fire emner som du kjevlar ut til minipizzaer. Legg botnen over på ei bakepapirkledd plate.
Smør utover PIZZASAUS:
1 lite glas tomatpure
1 ss basilikum
1 ss oregano
Salt
Peppar


Finkutt urtene, ca 1 ss av kvar sort. Bland saman med salt og peppar og rør til slutt alt ned i tomatpureen.
TOPPING:
200 gram kjøttdeig
Pepperoni
1/2 squash
20-25 sukkerter
1 vårløk
1/2 glas sylta paprika
Parmesan
Norvegia
RØMMEDRESSING:
1 beger rømme
1 kvitløksfedd
Saft frå 1/2 sitron
Salt
Peppar
Basilkum
Estragon
1 klype sukker
Finhakk kvitløken og krydderurtene. Bland alt ned i rømmen. Tilsett sitronsaft og smak til med salt, peppar og sukker.
Strø utover litt kjøttdeig og pepperoni. Kutt opp grønnsakene og fordel utover pizzaen. Fordel sylta paprika utover, dette får du tak i på velassorterte matvarebutikkar.
Legg utover "klattar" med rømmedressing og topp det heile med ost. Eg blanda saman 1/3 med parmesan og 2/3 med norvegia.
Steikast midt i ovnen på 200 grader i 15-20 minutt.
BON APETIT:o)

Nachos med thick n`chunky salsa:o)

Kjøleskapet vårt takka grundig for seg tidlegare i veka, så no har det vore noko magert på matfronten dei siste dagane...Men i går var den nye herligheita på plass! Vi har investert i side by side kjøl/frys, og eg kan nesten ikkje sjå meg mett på herligheita:o)) Eg gledar meg max til å ta i bruk frysedelen av skapet. Det er nok vanskeleg for mange å setje seg inn i at gleda over å få frysemuligheiter på kjøkkenet kan vere så stor. Men for å kome ned i kjellaren vår så må vi UT og rundt. I fjor laga vi nytt bad og fekk vaskemaskina opp, og no har eg fått inn frys slik at middagane for ei veke kan ligge oppe. Akkurat no kan neppe livet bli betre:o))
Men over til maten!! Dette er lettvint helgekos som er unnagjort på eit blunk....
DU TRENG:
1 pk kjøttdeig
2 ss olje
Tacokrydder
1 dl vatn
1 boks crushed tomatoes
1 rødløk
1-2 kvitløksfedd
1/2 raud paprika
1 chili utan frø
1/2 boks mais
Sitron
Salt
Peppar
Basilkum
Oregano
Kvitost
Nachos
Steik kjøttdeigen. Tilsett tacokrydder etter smak. Eg brukte eit par romslege teskeier. Fyll på med vatn og la dette koke inn.
THICK N`CHUNKY SALSA:
Eg brukte crushed tomatoes, så slapp eg å knuse noko meir eller bruke stavmiksar e.l. Finhakk løk og kvitløk og bland inn. Kutt paprika i små bitar og finhakk chilien. Tilsett i blandinga sman med maisen. Salt og pepre og tilsett safta frå 1/2 sitron. Hakk opp ein neve med bailikum og oregano og tilsett. Bland til slutt det heile godt saman.
Legg nachos utover ei bakepapirkledd steikeplate. Fyll på med kjøttdeig og legg over salsa. Strø til slutt over kvitost. Eg brukte ei blanding av Norvegia og Jarlsberg.
Inn i ovnen på 200 grader i ca 10 minutt eller til osten er smelta og litt gyllen.
Legg over på tallerkenar og topp gjerne med rømme og evt guacamole.
Mmmmmm.......

fredag 25. mars 2011

Linekake

Dersom nokon no skulle kome i skade for å tru at eg kjem med ei ny og revolusjonerande kakeoppskrift så berre avkreftar eg det pr omgåande....Dette er rett og slett ei mamormorkake, eller tigerkake som den og har vore omtalt som. Grunnen til tittelen er at i min barndomsheim gjekk den under nettopp navnet Linekake. Eg var ikkje så frykteleg glad i kaker når eg var lita, men denne her var eg fullstendig gal etter og kunne berre ikkje få nok av den. Eg huskar enno kor forventningane steig i meg når Mamma leitte fram former og ingrediensar til Linekaka, og eg har ei formeining om at eg hang på kjøkkenet gjennom heile prosessen....
DETTE TRENG DU:
1 form på ca 1 1/2 liter. 

LYS DEIG:
150 gram mjukt smør
150 gram sukker
3 egg
1 dl mjølk
250 gram kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
MØRK DEIG:
1/3 dl av den lyse deigen
2 ss kakao
2 ss sukker
1/2 dl mjølk
FRAMGANGSMÅTE:
Smør forma med smør og dryss med mjøl. Legg gjerne ei remse med bakepapir i botnen, då vert det lettare å få ut den fedige kaka.
Rør smør og sukker kvitt. Tilett deretter eit og eit egg, og rør godt mellom kvart.Rør deretter inn mjøl og bakepulver vekselsvis med mjølk. Du kan gjerne sikte inn det tørre.
Ta av 1/3 dl av deigen. Bland saman kakao, sukker og mjølk og rør dette inn. Deigen skal ha same konsistens som den lyse.
Fyll så halvparten av den lyse deigen i forma. Deretter tek du den mørke og avsluttar med lys deig på toppen.
Bruk gjerne ein gaffel og trekk gjennom røra. Dersom dette er vanskeleg er det berre å bruke bruke ein slikkepott som du slepp gjennom røra på fleire plassar. Poenget er at rørene skal gli litt over i kvarandre og danne mønster.

Steikast på nederste rille i ovnen ved 170 grader i 50-60 minutt. Prøv med ein bakepinne om kaka er gjennomsteikt. Dersom det ikkje heng att deig på pinnen er kaka ferdig.
Avkjøl litt før du kvelvar den over på rist.Kaka bør vere godt avkjølt før du skjer i den. Her hang dei over kaka og tagg om å få begynne, så vi skar i den før den var kald. Det går heilt fint, men det vil nok smule ein del. Kaka gjekk ned på høgkant og det varte ikkje lenge før det var berre smular att...
For ekstra finish kan ein gjerne ta eit melisdryss før servering.
ENJOY:o)

torsdag 24. mars 2011

Russisk bortsj eller rødbetsuppe om du vil...

Fargemessig ser jo rødbetsuppe i seg sjølv aldeles fantastisk ut, og når smaken og heldt forventningane så vart dette ein bra kombinasjon:o)
DU TRENG:
500 gram rødbetar.Eg kjøpte ferdigskrella og vakuumpakka.
1 løk
2 fedd kvitløk
2 ss olje
1 gulerot
1 pastinakk
250 gram hodekål
1,5 liter kraft
1 laurbærblad
2 ss kvitvinseddik
Salt
Peppar
Riv rødbetane på rivjern og dinhakk løk og kvitløk. Surr løk og kvitløk i olje i ei gryte. Tiilsett rødbetane(men hald att ca 50 gram), revne gulerøtter, pastinakk og hodekål. Hell over kraft og tilsett laurbærblad, salt og peppar. 
Kok opp og la suppa trekke rundt 30 minutt. Når det er att ca 5 minutt av koketida tilset du den rødbetmengda du heldt att(dette for at suppa skal få den fine fargen). Smak til slutt til med kvitvinseddik, salt og peppar.Eg valgte og å lauseleg jevne suppa litt med stavmiksaren.
Server gjerne med ein klatt creme fraiche og godt brød ved sidan av, td grissini eller no knead kvitløksbrød.
BON APETIT:o)

onsdag 23. mars 2011

Grissini

Grissini er raske å lage og smakar godt saman med suppe, som ein venterett saman med litt dip, med pålegg i følge dottra mi eller berre som snacks....
DU TRENG:
300-350 gram kveitemjøl
1/2 pose tørrgjær
2 ts sukker
1 ts salt
2 dl godt lunka vatn
3 ss olivenolje
1 dl reven parmesan
Bland saman dei tørre ingrediensane. Slå i olje og vatn, og elt til ei smidig deig.Dekk til anten med plast eller bruk bakebolle med lok. Set til heving i ca 40 minutt. LEgg deigen over på eit bakebord og del opp i passande emner, alt etter kor lange du vil ha dei. Her er det berre å prøve seg fram:o)
Trill ut til lange pølser.Pensle grissiniane med vatn og dryss over maldonsalt.
Men her er det sjølvsagt berre fantasien som set grenser. Ein kan bruke ferske eller tørka krydder/urter, det er full muleg å tilsetje oliven osv
Steikast midt i ovnen på 200 grader i ca 15 minutt.
ENJOY:o)