DETTE TRENG DU:
Svinekotelettar
Salt
Limepeppar
Cajennepeppar
Paprikapulver
2 fedd kvitløk
1 stangselleri
2 gulerøtter
3-4 champignon
1 boks ananas
1 gul paprika
1 løk(gul eller raud)
1 løk(gul eller raud)
3 smakstomatar
Smør
Valgfri ris
Tortillachips med ostesmak
Krydre kotelettane med limepeppar, salt, paprikapulver og cajennepeppar. Eg berekna to kotelettar pr person(noko som sjølvsagt vart altfor mykje, men dei skal resirkulerast i ein annan matrett seinare i veka)
Smelt smør på steikepannene(eg steikte på to steikepanner) og steik ca 2 minutt på kvar side i sterk varme. Legg kotelettane over i ei langpanne.
Slå ca 2 dl vatn over i kvar steikepanne og legg lokk over. Finhakk kvtløk som du har over i sjyen.La dette koke godt i 3-4 minutt. Dra deretter til sides...
Kutt opp grønnsakene og fordel utover kotelettane. Slå deretter over sjyen og dekk det heile med aluminiumsfolie. Set midt i ovnen på 200 grader og la stå i ca 1/2 time.
Kok ris i mellomtida.
Fyll opp ei skål med ris, fisk opp litt sjy som du blandar i risen. Deretter legg du skåla opp ned på tallerkenen, tek den vekk og så har du pent dandert ris.
Legg ved litt tortillachips, anrett deretter kotelettar og grønnsaker...server!!
BON APETIT:o)





















































