søndag 18. september 2011

Vekemeny, veke 38/ 2011

Ei hektisk, men triveleg helg nærmar seg no slutten...Det er eigentleg utruleg kva ein kan få med seg berre viljen er tilstades. Som eg skreiv i forrige innlegg var eg i Oslo fredag. Eg tok nattbussen ned, og det var så lite folk at eg fekk god anledning til å sove ein del. Ei venninne var så snill at ho tok i mot meg kl. 05.30 om morgonen. Vi hadde ein koseleg dag med gode samtalar, sightseeing, turgåing, kafebesøk og avslapning. Eg rakk og å besøke svogeren, svigerinna og tanteungen min. Kjempekoseleg å treffe dei att, og ikkje minst sjå korleis dei bur. Kl. 19.00 braka det laus saman med Det norske kokkejuniorlandslaget og kl. 22.00 sat eg på nattbussen oppatt. Denne gangen var det desverre ikkje alle som forsto at det bør vere nokolunde stille på bussen, så det var forholdsvis lite søvn. I går rakk eg å få med meg Rakel sin korkonsert og innflytningsfesten til naboane. I dag er det kyrkjekonsert med koret til Rakel...Det skal eigentleg verte godt med mandag att;o) Håpar mine trufaste lesarar har hatt ei flott helg og er klar til å planlegge menyen for neste veke!!

MANDAG:
Sitronmarinert salmalaks og kyllingskinke med pasta penne



TIRSDAG:
Gresk pai



ONSDAG:
Grønnsakspai



TORSDAG:
Wok med kylling og pastatilbehør



FREDAG:
Pizza med kvalbiff, kantarellar og stangselleri



LAURDAG:
Baconkylling med fennikel og løkragu



SØNDAG:
Fårikål



DESSERT:
Museumsgodt



BAKST:
Linekake


KOS DYKK!! 
Eit lite spøsrmål på tampen...Synst dokke lesarar det er greit at eg skriv på nynorsk, eller burde eg gå over til bokmål??

8 kommentarer:

  1. Jammen har du rukket mye på ei kort helg.
    Ikke dumt å bruke nattbuss, men det ere jo desverre ikke alltid en får sovet noe særlig nei. Håper du får ei riktig god natt nå il natta. Mye fristende på ukemenyen din. Takk for tipsene.
    Ei god uke til deg :)

    SvarSlett
  2. Kva i all verda er det for slags spørsmål? Ein boksmålsbrukar ville aldri i livet ha spurt om det motsette! Sjølvsagt skal du skrive nynorsk!!

    SvarSlett
  3. Jeg stemmer for nynorsk! Det er bare stilig at du skriver slik det er mest naturlig for deg. (og dette kommer fra en skikkelig Oslo-jente)

    SvarSlett
  4. Liker virkelig initiativet ditt med minst én vegetarrett i uka, noe alle burde unne seg :-)

    SvarSlett
  5. Du skal SJØLVSAGT skrive nynorsk!!

    SvarSlett
  6. Skriv på nynorsk!

    SvarSlett
  7. He he, ja det hjelå å steje inn turboen, Astrid:o)Kjekt at du finn freistingar på vekesmenyen!!
    Tusen takk for tilbakemeldingane til alle som har svart på spørsmålet om nynorsk versus bokmål:o) Kjekt at dokke vil eg skal skrive på nynorsk, så då fortset eg heilt klart med det:o)
    Så flott at du likar det, Kristin:o) Er heilt einig med deg i at det er noko alle burde unne seg...det er ei ny verd av velsmakande mat i den kategorien...sjølv om eg aldri kjem til å konvertere til vegetarianar eller veganar...til det er eg altfor glad i kjøtt:o))

    SvarSlett

Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line