mandag 5. september 2011

Speltbrød

Det er ikkje berre, berre når ein går i frysen kl. 21.30 for å ta ut brød til neste dag...heilt overbevist om at der er eitt brød att. Men snakk om å verte rimeleg lang i maska når frysaren vert opna og der er.....tomt....rett og slett tomt, for brød. KRISE!!!! Kva gjer ein då? Jo, det er nok ingen veg utanom, brød må ein ha både til frukost og matboksar. Så då...ja då bakar ein;o)
DU TRENG:
5 dl lunka vatn
50 gram gjær
ca 500 gram speltmjøl
Ca 500 gram sammalt spelt
1 1/2 ts salt
4 ss olje
Bland saman alle ingrediensane unntatt oljen til ei glatt og smidig deig. Tilsett deretter oljen og kna den lett inn. Set lunt til heving i ca 1 time.Del deiga i to like emner og ha litt speltmjøl på bakebordet. Kna emna og trill dei ut til to brød.Legg dei over i smurt og strødd brødform. Etterhev i ca 30 minutt.
Steikast nederst i ovnen på varmluft, 200 grader i 30 minutt. Kvelv brøda ut av formene og la avkjøle på rist. Skjær opp i skiver og legg på yndlingpålegget ditt!!
BON APETIT:o))

2 kommentarer:

  1. Speltbrød er godt. Skal bake i morgen, så da blir det nok litt speltbrød også.
    Ha ei herlig uke :)

    SvarSlett
  2. Ja det er kjempedeilig, Astrid:o) Ynskjer deg ei herleg veke og:P

    SvarSlett

Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line