Line går nye vegar i bruksområde på kvalkjøt...og dette vart i alle fall ikkje feil!! Trur seriøst at dette er ein av dei beste pizzaer eg har smakt:o)
BOTN:
5 dl lunka vatn
50 gram gjær
1 1/2 ts salt
1000-1100 gram kveitemjøl
4 ss olivenolje
Bland saman alle ingrediensane unntatt olje til ei glatt og smidig deig. Tilsett oljen og kna eller elt den den godt inn i deiga. Set deiga vekk til heving på ein lun plass i godt og vel ein time, evt til dobbel størrelse. Kjevle ut botnen og legg den over på bakepapirkledd langpanne. Brett opp til kantar dersom du likar det, men dei kan og sløyfast.
FYLL:
Tomatsaus
400 gram kvalbiff
200 gram kantarellar
2 stilkar stangselleri
200 gram fetaost
100 gram jarslberg
Skjær kvalbiffen opp i passande bitar. Steik den på høg temperatur i steikepanne med litt smør i ca 3 minutt. Kvern over litt peppar. Legg til sides.
Kutt opp stangselleri og steik kantarellar og stangselleri i steikepanne med litt smør til sellerien er blank og soppen fell litt saman. Kvern over litt peppar og dryss litt maldonsalt. Legg til sides.
Smør tomatsaus over heile botnen. Fordel kvalbiff, stangselleri og kantarellar utover. Kutt fetaosten opp i små terningar og fordel den godt utover det øvrige pizzafyllet.
Steikast midt i ovnen på 200 grader i 20-25 minutt. Når det er att ca 10 minutt av steiketida toppar du med litt jarslebergost.
Avkjøl litt og del opp i passande stykker. Server!!
VEL BEKOMME:O))

Herlig, dette må prøves!
SvarSlettSå kjekt at nokon let seg begeistre:o) Dei fleste er nok litt skeptiske til denne varianten...men eg lovar at det smakar heilt fantastisk:o))
SvarSlett