torsdag 22. september 2011

Cupcakes med peanutfrosting

Kom over ein spanande fosting for ei tid tilbake, og når eg skulle levere kaker til marknad her i bygda, passa det godt å prøve ut denne oppskrifta....
CUPCAKES:
4,5 dl kveitemjøl
0,5 dl sukker
3 ts bakepulver
3-4 ss kakaopulver
1/2 ts salt
1/4 ts natron
1 1/2 ss olje
1 1/2 ss vatn
2 dl eplejuice
0,75 dl olje
Bland mjøl, bakepulver, salt, kakao og natron i ein stor bolle.Tilsett deretter olje, vatn og eplejuice, og pisk røra glatt og fyldig. Set papirformer ned i eit muffinsbrett og fyll formene 2/3 dl fulle. Steikast midt i ovnen på 200 grader i ca 20 minutt eller til dei er gyldne. Avkjølast på rist.
PEANØTTFROSTING:
120 gram smør
250 gram fint peanøttsmør
45 ml mjølk
250 gram melis
Rør smør og peanøttsmør luftig. Bland inn melisen litt etter litt. Når frostingen vert tjukk tek du i 1 ss mjølk, deretter blandar du inn meir melis. Fortsett slik til all melisen er innrørt. Har du mjølk til overs då, er det ikkje nødvendig å bruke den. 
Visp frostingen på høg hastigheit i minimum 4 minutt.
Ta frostingen over i ein sprøytepose og velg ønska spiss. Sprøyt frostingen på cupcakesa og pynt etter ynskje.
ENJOY:o)

5 kommentarer:

  1. Ååå, disse må jeg lage - nammm!

    SvarSlett
  2. Så herlig! Sjokolade og peanøttsmør, det blir aldri feil:-)

    SvarSlett
  3. mmmmmmm denne frostingen skal testes med en lavkarbovri :-D Tusen takk for tips!

    SvarSlett
  4. hmm, sjokoladecupcakes uten sjokolade eller kakao? Hehe, glemt å skrive det inn i oppskriften, eller er det jeg som overser noe?

    SvarSlett
  5. Det må du absolutt prøve, Randi...Dei var knallgode:o)
    Nei det har du heilt rett i, Siv:o))
    Berre hyggeleg, Janicke...spent på korlsie den vert i lavkarboversjon:o)
    He he, Anonym...her har eg visst gløymt ein vesentleg ingredediens for at det skal verte...ja nettopp...sjokoladecupcakes!! Takk for at du gjorde meg oppmerksom på det:o)

    SvarSlett

Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line