søndag 15. mai 2011

Vekemeny, veke 20/ 2011

Då er vi sanneleg komne til 17 mai veka...I veka som har gått har det vore heilt ok ver til tross for at veirmeldarane har prøvd å melde mykje dårlegare enn det som har vore...Eg har no sykla på jobb i tre veker, og den einaste dagen eg har vorte våt var på torsdag....Då var det sol når eg kom ut på trappa, så eg sykla avgårde forholdsvis lettkledd...når eg var halvvegs var det omtrent som om nokon slo ei bøtte i hovudet på meg og i løpet av 10 sekund var eg så våt at eg kunne vriast...Men i det eg parkerte sykkelen sprakk det opp att!! Typisk;o) Veka vart i dag avslutta med ein flott stølstur...og det var heilt utruleg med tanke på snømengdene som har vore at vi gjekk opp utan å baske i snø...kun litt fult her og der...det er faktisk ikkje ofte det kan gjerast før 17 mai:o) No kryssar vi fingrane for at veret held seg gjennom Norges festdag og...Eg har denne veka sett opp ein enkel rett 17 mai, og lagt til tre dessertval, samt fire kaker...Håpar at noko fell i smak!!


MANDAG:
Ostegratinert hyse og skalldyr med mandelpotetpure



17 MAI:
Skinke med fløytegratinerte poteter og balsamicosteikte grønnsaker



ONSDAG:
Jordskokksuppe



TORSDAG:
Ost og skinkepai



FREDAG:
Chorizo og ostefyllt hamburger



LAURDAG:
Lammesteik med ovnsbakte poteter & grønnsaker og bringebærsaus



SØNDAG:
Svinefilet med fussilisalat og tomatsaus




DESSERT:

Gele i porsjonsglas


Minisjokoladepavlova


Syrleg pannacotta med nektarinsalat

KAKER:

Iskake med sjokolade og kokos


Troikakake


Sjokoladekaramellkake


Hjertepavlova

YNSKJER ALLE SOM KIKKAR INNOM EI FEIANDE FLOTT 17 MAI FEIRING!! 

2 kommentarer:

  1. Får vann i munnen av alle herlighetene du tryller frem:)

    SvarSlett
  2. Mmmm...her var det mykje fristande!

    SvarSlett

Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line