onsdag 25. mai 2011

Fletteloff med valmuefrø

Rakel er veldig inne i ei kjøkkenperiode for tida...ho kokkelerar og styrar på kjøkkenet. Eg tykkjer sjølvsagt at det er stas å ha born som vil eksperimentere på kjøkkenet...og håpar i alle fall at Frk. "Æsj, det likar eg ikkje" med nasen i sky skal få litt meir oversikt over kva som foregår når mora lagar mat...og kanskje...berre kanskje...skal få trang til å smake og??
Denne oppskrifta er henta frå Cappelens Barnas beste bakebok...med litt justeringar;o)
DU TRENG:
500 gram kveitemjøl
50 gram gjær
1 ss sukker
1 ts salt
2 1/2 dl mjølk
1 egg
50 gram smør
FRAMGANGSMÅTE:
Rør saman mjøl, gjær, sukker og salt. Varm opp melk til litt over fingervarme og hell væska over i det tørre. Tilsett egget og rør saman til ei smidig deig. Tilsett romtempererte smørfirkantar og bland dei godt inn i deigen. Set lok på bakebollen eller legg over plast og set lunt til heving i ca 1 time.
Kvelv ut deigen på bakebordet, kna den lett saman og del i tre like emner. Bruk gjerne vekt. Trill deigemna ut til ca 50 cam lange pølser.Legg dei tre pølsene side om side og klem tuppane saman i eine enden. Start på toppen og flett i veg. Når du har fletta ned, klemmer du tuppane saman i andre enden og brettar dei lett under brødet. Legg fletteloffen over på bakepapirkledd steikeplate.  Dekk laust til med plastfolie og etterhev i ca 30 minutt.


Visp saman eit egg og pensle forsiktig over heile fletta. Dryss over valmuefrø. Set midt i ovnen ved 200 grader og steik i ca 30 minutt. Avkjølast på rist.
ENJOY:o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line