tirsdag 19. april 2011

Bordpynting

Noko av det kjekkaste når ein skal lage til selskap er planlegginga og uttenkinga av mat, kaker og ikkje minst bordpyntinga. Sidan vi no framleis er midt mellom vinter og vår, valgte eg å halde det i fargar som henspeilar litt til begge årstidene. Eg er ingen tilhengar av å ha eit samansurium av fargar, då har inntrykket lett for å sjå rotetet ut. Eg heldt det i tre fargar, kvitt, svart og sølv. Det vart enkelt og gjennomført synest eg:o)
Alle lysa er kvite, og så kjøpte eg nokre sommarfuglar i kvitt. Lysa henspeilar seg litt på snøen som enno låg på bakken, og sommarfuglane bar bud om vår:o)
I tillegg er eg så heldig å vere den stolte eigar av massevis av skiferplater. Dei fulgte med på lasset når vi kjøpte huset, og har tidlegare pryda hustaket. Eg tykkjer det er veldig flott å bruke dei som lysfat....
Her ser ein enno eit nærbilde av bordkorta. 

Det var tre søte overraskelsar i kvart bordkort som var pakka i cellofan. Sjølve navnekortet har eg klipt ut etter mal, tegna og skreve på for hand. Det er brukt silkeband og organzaband til å knyte rundt. Holet er stansa ut med stjernemotiv, og stjernene er brukt oppatt som bordpynt. Eg har plassert ein "diamant" på kvar stjerne.
Gavebordet er pynta i same stilen. Duken på midten av borda får ein kjøpt i metervare på dei fleste butikkar. Kjempesmart og så pyntar det så fint opp:o)
Heilheitbilde av to av borda....
I det eine borkortet ser ein ganske tydeleg ein troikasjokolade;o)
Festen vart avhelden på den gamle skulestova vår som no er tatt i bruk som grendahus. Huset er nyoppussa innvendig og har blitt veldig lyst og fint.
Litt meir nærbilde av eine bordet!! 
Gjestane gav tilbakemelding på at det var eit godt heileheitsinntrykk og at lokalet var pent pynta:o

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line