Woking av mat er rett og slett genialt...Det er lettvint, raskt og knallgodt. Ein kan variere maten i det uendelege og stort sett all mat kan tilberedast utifrå denne metoda. Eg er og så heldig å vere eigar av ein elektrisk wok, så bedre kan det neppe bli:o))
He he, det var dagens lovprising, over til oppskrifta;o)
INGREDIENSAR:
400 gram kyllingfilet
1 paprika(raud eller oransje)
2 gulerøtter
1 ss reven, frisk ingefær
1 fedd kvitløk
1 pk fløyte(krem eller matfløyte)
1/2 liten kinakål
Salt
Peppar
2 ss solsikkeolje
Kok gnocchi etter anvisning på pakken
TILBEHØR:
1/2 pk gnocchi
Finhakka, frisk koriander
Skjær kyllingfilet i små firkantar.Skjær paprika i strimlar og gulerøttene i tynne stavar.
Varm opp 1 ss olje i woken og steik kjøttet i ca 3 minutt. Gjer gjerne dette i to omgangar. Legg så kjøttet til sides.
Hell i 1 ss olje og wok grønnsakene, reven ingefær og kvitløk til dei har blitt møre. Hell i fløyten og legg kyllingen tilbake i woken. Bland inn finsnitta kinakål og smak til med salt og peppar.
Legg opp gnocchi og fyll på med wokmat. Strø over hakka koriander og server!!
BON APETIT:o)





Wok er genialt ja og blir mykje brukt her i huset også. Men vi er ikkje så flinke til å variere, så denne oppskrifta var inspirerande. Det ser kjempe godt ut!
SvarSlettKlem
Kjekt å kunne vere til inspirasjon, Einy:o) Det smakte faktisk like godt som det ser ut og vil nok bli innlemma som ein favoritt!!
SvarSlett