Dersom nokon no skulle kome i skade for å tru at eg kjem med ei ny og revolusjonerande kakeoppskrift så berre avkreftar eg det pr omgåande....Dette er rett og slett ei mamormorkake, eller tigerkake som den og har vore omtalt som. Grunnen til tittelen er at i min barndomsheim gjekk den under nettopp navnet Linekake. Eg var ikkje så frykteleg glad i kaker når eg var lita, men denne her var eg fullstendig gal etter og kunne berre ikkje få nok av den. Eg huskar enno kor forventningane steig i meg når Mamma leitte fram former og ingrediensar til Linekaka, og eg har ei formeining om at eg hang på kjøkkenet gjennom heile prosessen....
DETTE TRENG DU:
1 form på ca 1 1/2 liter.
LYS DEIG:
150 gram mjukt smør
150 gram sukker
3 egg
1 dl mjølk
250 gram kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
MØRK DEIG:
1/3 dl av den lyse deigen
2 ss kakao
2 ss sukker
1/2 dl mjølk
FRAMGANGSMÅTE:
Smør forma med smør og dryss med mjøl. Legg gjerne ei remse med bakepapir i botnen, då vert det lettare å få ut den fedige kaka.
Rør smør og sukker kvitt. Tilett deretter eit og eit egg, og rør godt mellom kvart.Rør deretter inn mjøl og bakepulver vekselsvis med mjølk. Du kan gjerne sikte inn det tørre.
Ta av 1/3 dl av deigen. Bland saman kakao, sukker og mjølk og rør dette inn. Deigen skal ha same konsistens som den lyse.
Fyll så halvparten av den lyse deigen i forma. Deretter tek du den mørke og avsluttar med lys deig på toppen.
Bruk gjerne ein gaffel og trekk gjennom røra. Dersom dette er vanskeleg er det berre å bruke bruke ein slikkepott som du slepp gjennom røra på fleire plassar. Poenget er at rørene skal gli litt over i kvarandre og danne mønster.
Steikast på nederste rille i ovnen ved 170 grader i 50-60 minutt. Prøv med ein bakepinne om kaka er gjennomsteikt. Dersom det ikkje heng att deig på pinnen er kaka ferdig.
Avkjøl litt før du kvelvar den over på rist.Kaka bør vere godt avkjølt før du skjer i den. Her hang dei over kaka og tagg om å få begynne, så vi skar i den før den var kald. Det går heilt fint, men det vil nok smule ein del. Kaka gjekk ned på høgkant og det varte ikkje lenge før det var berre smular att...
For ekstra finish kan ein gjerne ta eit melisdryss før servering.
ENJOY:o)







Har ikke lagd denne siden ungdomsskolen, kanskje på tide å prøve igjen?;)
SvarSlettNå fikk jeg lyst på det også til helgen! Du frister alltid med snadder, du!
SvarSlettHei Anonym:o) Det burde du gjere...Likte du den då, vert du garantert ikkje skuffa no heller!!
SvarSlettAnne-Lin: Det er ei av gledene med å drive matblogg, hi hi