onsdag 2. mars 2011

Jordskokksuppe med følge av bakepulverbrød:o)

I nokre veker no har eg prøvd å halde ein dag i veka vegetarisk. Det er spennande å tenkje nytt og prøve ut nye rettar utan fisk, fugl og kjøtt...
Denne suppa smakte nydeleg og kjem definitivt til å kome på bordet fleire gongar:o)
JORDSKOKKSUPPE:
550 gram jordskokkar
Olje
1 l kyllingkraft/buljong
2 dl h-mjølk eller matfløyte
Salt
Nykverna peppar
4 skiver brød i terningar
Grasløk
Skrell jordskokkane og kutt i terningar. Fres dei i litt olje i ei gryte. Slå over kyllingkrafta eller buljongen og kok til jorskokkane er møre. Mine var møre etter 15 minutt. 
Tøm innhaldet over i ein blendar og tilsett mjølk ell. fløyte. Køyr blendaren til suppa er heilt jevn. Hell så suppa tilbake i gryta, kok opp og smak til med salt og peppar.
Medan du kokar suppa delar du brødskivene i terningar og steiker dei i olje. Terningane er ferdige etter 2-3 minutt, og det er viktig å vende på dei med jamne mellomrom ellers vil dei svi seg.
Aus opp suppe og slepp opp i brødterningar. Kutt opp grasløk som du dryssar over.
BAKEPULVERBRØD:
7 dl kveitemjøl
3 ts bakepulver
1 ts salt
2 ts sukker
6 dl mjølk
Bland saman  alt det tørre og rør så godt inn det våte. Deigen skal vere laus. Bruk ei ss eller ei lita sleiv til å legge deig på bakepapirkledd plate.
Steik midt i ovnen på 230 grader i ca 20 minutt.
ENJOY:o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så koselig at du tar deg tid til å legge igjen en kommentar:0)
Det setter jeg utrolig stor pris på ♥
Klem Line