søndag 7. november 2010

Spansk karamellpudding

Ein nydeleg porsjonspudding som verkeleg kan anbefalast. Men eg trur nok at eg brukte altfor store former, for puddingane vart veldig lave. 

 INGREDIENSAR:
250 gram sukker
7 eggeplommar
2 dl appelsinjuice
1 ss sukker
1 klype salt


FRAMGANGSMÅTE:
Fyll ei lita ovnspanne med vatn. Sett den i ovnen ved 100 grader.
Smelt sukkeret i ein liten kjele. Når det er lyst gyllenbrunt, takast ca 2 ss i kvar porsjonsform. Drei forsiktig rundt og glaser formene. Hald dei i eit klede så du ikkje brenn deg. Hell resten av karamellen i ein tynn stråle ned i iskaldt vatn. Ta opp sukkertrådane med ein gang og legg dei på eit kjøkenpapir. 


Visp saman egg, juice, sukker og salt. Ver forsiktig med å piske for hardt, for då vil det danne seg skum. Sil blandinga, fordel den i formene og set dei i vannbadet i ovnen. Vatnet må ikkje koke. Puddingane stivnar i løpet av 1 - 1 1/2 time. Kvelv puddingane forsiktig over på eit passande anretningsfat. Pynt med karamell og evt appelsinskiver.


ENJOY!!

Kotelettar med sopp & løkstuing

Ein høyrer  veldig ofte at kotelettar til middag er så kjedeleg...Men er det så mykje verre enn alt anna vi puttar i oss? Eg tykkjer i alle fall at kotelettar fortjenar å stå på middagsbordet med jamne mellomrom:o) 
Og du...Kotelettar treng slett ikkje vere kjedeleg...Dei kan nemleg varierast mest i det uendelege;o)

 Bland saman 2 ss olje, 1 ss balsamicoeddik og det ein måtte ynskje av krydder. Eg brukte salt, pepar og forest blend. Smør blandinga på kotelettane og la dette trekke i ca 5 minutt. Steik så kotelettane raskt brune på kvar side i ei godt varm panne. Legg dei deretter over på langpanne, dekk med folie og inn midt i ovnen på 200 grader i ca 20 minutt.


Skrell ein stor løk eller to små. del i to og skjær i halve ringar. Kutt opp passeleg mengde med sopp. Det meste av sopp kan brukast, men valget mitt denne gangen fall på champignon. Legg over i ei lita gryte, og brun raskt med litt smør. Slå deretter over 3 dl fløyte, salt og pepre og tilsett eit par tsk balsamicoeddik. Lat dette stå og surre seg til ein tjukk stuing, men husk å røre om med jamne mellomrom.


Snitt nokre sukkererter på lang og skjær reddik i tynne skiver. Surr dette i litt olje. Trekk plata til side, salte og pepre. 


Anrett maten på tallerken...og GOD MIDDAG!!