onsdag 27. oktober 2010

Kalkunpizza

Når ein har hatt ein stor kalkun til middag vert det gjerne litt restar att...Då er det berre å setje dei små grå i sving og tenke ut alternative bruksmåtar...
Eg valgte å prøve meg på ein kalkunpizza, noko som eg vil påstå var ein ganske vellykka bruksmåte:o)
PIZZADEIG:
5 dl lunka vatn
50 gram gjær
1 ts salt
1 ts bakepulver
Ca 1 kg kveitemjøl
4-5 ss olje.
Bland alle ingrediensane unntatt oljen til ei smidig deig. Tilsett deretter oljen og "smør" deigen. Set til heving.
FYLL:
Tomatpure
Kalkunkjøtt
Ananas
Oliven
Soltørka tomat
Basilikum
Peppar
Nachoschips
Fersk parmesan
 Kjevle ut deigen. Smør over tomatpure. Dekk med kalkunkjøtt. Legg over øvrige ingrediensar. Strø ost over til slutt.Eg angir ikkje mengeforhold, det er berre å legge på så mykje ein sjølv ynskjer:o)
Midt i ovnen på 200 grader i ca 20 minutt!!
Dersom du har ungar som grin på nasa av kalkunpizzaen, kan du ta av noko av deiga til å lage barnepizza. Fyll der er tomatpure, pølser, nachos og ost!!
ENJOY:o)

mandag 25. oktober 2010

Steinbit på middelhavsvis...

Fredag kom jeg over et nydeleg filetstykke av steinbit som fikk være med meg hjem ...Gledet meg til å nyte denne fantastiske fisken hele helgen, og endeleg var det søndag og tid for fisk:o)
 INGREDIENSER:
Steinbitfilet
Maldonsalt
Kvernet pepper
1-2 fedd hvitløk
1 pk smårettbacon
1/2 squash
1 liten rødløk
1 rød chili
5-6 toppede ts med soltørket tomat i olje
1 pk frisk spinat
10 store poteter
3 dl fløte
Smør


 Skjær steinbitfileten i 4-5 cm tykke skiver.Krydre med salt og pepper og stek fisken raskt på begge sider. Skru ned temperaturen og la den steke langsomt videre i 5-6 minutter. 


 Sprøstek terninger av bacon i olivenolje sammen med finhakket hvitløk. Tilsett squash, rødløk, chili(med frø) og soltørket tomat. La dette steke i 3-5 minutter. Fyll til slutt opp stekepannen med frisk spinat og vend det hele sammen. Smak til med sitronsaft fra ca 1/2 sitron, salt og pepper.


Skrell og kutt potetene i terninger. Sil av vannet når potetene er ferdigkokte og stapp sammen. Kok opp 2-3 ss smør og 2 dl fløte. Stapp raskt sammen og ha over i kjøkkenmaskinen. La den gå på høy hastighet i ca 5 minutter. Smak til med salt og pepper.

Anrett  bacon og grønnsaksblandingen på tallerkener og legg fiskestykket over.
Anrett deretter potetmosen.


Server og nyt!!

Dette tror jeg også trygt kan anbefales til dem som i utgangspunktet ikke er så veldig glade i fisk. Det er mye smak i bacon og grønnsaksanretningen, og dermed blir ikke fiskesmaken så fremtredende!!

torsdag 21. oktober 2010

"Tapas"pizza

I dag har vi prøvd ut ein ny matopplevelse...og dette var noko alle var fornøgde med:o)
Ideens spede begynnelse kom frå dottera mi,Rakel. Ho var i bursdagsselskap til ei venninne for eit par veker sidan det dei fekk lage sin eigen pizza. Ho var full av entusiasme når ho kom heim, og ville at vi skulle prøve dette til middag...
Ideen var eigentleg glimrande, og i dag skreid eg til verket;o)
PIZZADEIG:
5 dl lunka vatn
50 gram gjær
1 ts salt
1 ts bakepulver
Kveitemjøl
5 ss olje
Bland vatn og dei tørre ingrediensana saman til ei smidig deig. Ringle over oljen og kna lett inn i deigen. Hevast til dobbel størrelse.
Del deigen i fire emner. Sidan vi var to store og to små, laga eg deigemna til ungane litt mindre enn våre. Kjevle ut til passande form. To og to pizzabotnar pr. plate.
Smør utover tomatpure. Til dei voksne sin pizza tok eg nokre blad med bailikum , finhakka og blanda i tomatpureen
INGREDIENSAR Å VELGE BLANDT:
Kjøttdeig
Pølser
Chorizo
Reker
Blåskjell
Paprika
Vårløk
Rødløk
Soltørka tomat
Squash
Champignon
Oliven
Perletomat
Cheddar
Parmesan
Tine pizzaost
Eg la opp dei foskjellige ingrediansane i skåler. 
Sette pizzabotnane og ingrediensane på bordet. Deretter fekk alle komponere sitt eige fyll:o)
Dette var eigentleg både sosialt og gøy. Ein kunne småplukke og smake på dei forskjellige råvarene medan praten gjekk om laust og fast rundt bordet...
Når alle hadde valgt ut det dei skulle ha på pizzaen, sette eg begge bretta i ovnen. Varmluft 180 grader i ca femten minutt, og maten var klar til innhogg!

PIZZA A LA RAKEL:
Kjøttdeig
Pølser
Chorizo
Tine pizzaost



PIZZA A LA FREDRIK:
Pølser
Tine pizzaost


 PIZZA A LA FRODE:
Kjøttdeig
Pølser
Chorizo
Paprika
Vårløk
Rødløk
Perletomat
Cheddar
Tine pizzaost

































PIZZA A LA LINE:
Pizza seafood:
Reker
Blåskjel
Rødløk
Oliven
Soltørka tomat
Parmesan


Pizza chorizo:
Kjøttdeig
Chorizo
Vårløk
Perletomat
Rødløk
Squash
Champignon
ENJOY YOUR MEAL:O)

onsdag 20. oktober 2010

Ovnsbakt regnbueørret

For snart tre veker sidan var min kjære og sonen vår, Fredrik under Osfossen for å fiske etter oppdrettslaks...
Kom ingen laks på kroken, men derimot ein nydeleg regnbueørret. Fredrik er den stolte fiskar, og vekta var 2,5 kilo.

Ferskare og meir kortreist mat skal ein vel leite lenge etter?
Fisken smakte fortreffeleg, og oppskrifta er som følger:


1 stk ørret
1 sitron
1 raud chili
Fersk persille
1 ss balsamicoeddik
Salt 
Peppar
1 boks rømme
1 stk slangeagurk
Eddik
Vatn


Sløy fisken. Dersom den er frosen er det veldig greit å foreta sløyinga medan den er halvtint. Som regel brukar eg å behalde hovud og hale, men denne gangen vart det og fjerna.
Skjær sitron i skiver og chili i ringar. Legg i fisken, og plukk deretter ønska mengde med persille å legg inn saman med det øvrige.Ringle balsamicoen over "fyllet". Gni skinnet inn med salt og peppar. Ta rikeleg med folie, og legg den saman som ein pakke. Inn i nederste rille på ovnen på 200 grader. Berekningsgrunnlag er ca 1/2 time pr kilo.


Skjær agurken i skiver, og bruk gjerne ostehøvel. Det vert det jamne, fine skiver av. Ta 3-4 ss med eddik og bland med vatn til passeleg styrke. Kor mykje eddiksmak ein vil ha, må ein berre prøve seg fram på...det er jo litt smak og behag:o)


Kok poteter. Pisk opp litt rømmen til luftigare konsistens.


Og fiskaren? Maten vart godkjent og han var meir enn fornøgd med at hans fisk vart god søndagsmiddag:o)

mandag 18. oktober 2010

Fylte horn

Deilige horn som smakar godt anten til lunch eller kvelds:o)
DEIG:
50 gram margarin
3 1/2 dl vatn
1 ts salt
50 gram gjær
1 ts salt
1 ts bakepulver
Kveitemjøl
3-4 ss olje
Smelt margarin, tilsett vatnet og varm det til noko over fingervarme. Slåover i bakebolleog tilsett dei tørreingrediensane. Arbeid tilsmidig deig, og jobb deretter inn oljen. La heve til dobbel størrelse. Del deigen i to, kjevle ut den eine halparten og del opp til åtte horn.
 FYLL:
1 boks bogskinke
1 raud chili utan frø
1 vårløk
Kvitost

Legg passande med fyll på kvart hornemne og rull saman. Gjenta med den andre deighalvdelen. Set på bakepapirkledd plate og la heve medan ovnen går opp.
Steikast midt i ovnen på 200 grader i 15-20 minutt.

torsdag 7. oktober 2010

Kveldsomelett for to ♥

Etter ei hektisk veke med litt meir drama enn vi hadde tenkt i utgangspunktet, er det deilig å kunne kose seg med litt god mat berre min kjære og meg
Søndaug rauk høgre akillessena hans under ein fotballkamp, og etter mykje om og men vart han omsider operert mandag ettermiddag...
Eg skulle ta vare på bl.a forlovelsesringen, gullkjedet og øyreringen hans...og det er på mystisk vis forsvunne frå veska mi:o( Så om nokon mot formodning skulle kome over noko slikt så veit dei kven som kan kontaktast!!
Men altså...i kveld roa vi ned med litt god mat etter at ungane var komne i seng...
og oppskrifta er som fylgjer:
4 egg
4 ss melk
2 ss vatn
Ei god klype salt
Litt peppar
1 raud chili
1 selleristang
1/2 løk
2 små kokte poter
3 vossafår
Fersk parmesan
Del opp potetene, og hakk løk i småbitar.Splitt selleristanga i to og del så opp i småbitar.
Lat dette surre litt på panna. Knekk egg, tilsett vatn, mjølk, salt og peppar og visp saman. Slå over i panna. Del chilien i to og ta ut frøa, del så opp og strø over eggeastanden. Strimle opp vossafåren og legg over.Rasp over ynskjeleg mengde med parmesan.
La det stå og godgjere seg på svak varme, til egga er stivna. Rist nokre gode grovskiver og så er det berre å...
KOSE SEG!!

søndag 3. oktober 2010

Fårikål!!

Haustens must er fårikålmåltidet. God tradisjonsmat, og enklare måltid er vel knapt muleg å tilbererede:o)

INGREDIENSAR:
ca 1 kg fårikålkjøt av lam
1 hodekål
Heil svart peppar
Kveitemjøl
Vatn


Skjær opp hodekålen. Legg eit lag med kjøt i botnen. Strø litt peppar. Legg over eit lag med hodekål og strø over eit par ss med mjøl. Strø deretter litt salt og peppar. Til saman tre lag med kjøt og to lag med hodekål. Ein skal alltidt begynne og avslutte med kjøt. Dekk så botnen med vatn. Kok opp og skru deretter ned plata. Legg lokk på panna. Kokast i 2 - 3 timar. Pass på at panna ikkje kokar tørr. 






Kok gulerøtter og poteter.
Anrett på tallerken og legg ved litt tyttebærsyltetøy om ynskjeleg.














ENJOY!!
Dumme, dumme blogspot let meg ikkje laste opp bilder:o( Får prøve på nytt att i morgon...