INGREDIENSAR for salat til to:
1 hjertesalat
Ein neve ruccolasalat
ca 200 gram fullkorn pasta penne
1 vårløk
1/2 paprika
1 raud chili utan frø
4 små klasetomatar
6 westfaler spekeskinke
Parmesan

FRAMGANGSMÅTE:
Kok pasta penne.
Del opp hjertesalaten og bland med ruccola
Hakk opp vårløken i ringar og bland med salaten.
Avkjøl pastaen og bland inn.
Skjær paprika i bitar og tomatane i ringar som ein delar i to att.Fordel over salaten.
Del chilien i to og skrap ut frøa. Hakk opp i bitar og strø over det øvrige. Riv skinka i passelege bitar og dander over. Riv over parmesan til passeleg mengde.

DRESSING:
2 ss olivenolje
Saft av 1/2 sitron.
1-2 ts balsamicoeddik.
1 klype salt
Litt peppar.
Bland godt og ringle over salaten.

BRYTEBRØD:
50 gram margarin
2 dl mjølk
1 1/2 dl vatn
50 gram gjær
1 ts bakepulver
1 ts salt
ca 1/2 pakke grovbakstmjøl
1 neve havregryn
Kveitemjøl
Smelt margarin og varm mjølk til litt over fingervarme. Slå over i bakebolle og tilsett dei tørre ingrediensane. Bland saman til ei laus deig. Hev til dobbel størrelse.
Tilsett kveitemjøl til deiga er passe smidig. Trill ut bollar som ein set saman til eit rundt/blomsterforma brytebrød. Etterhev.
Steik på midterste rille på 200 grader i ca 25 minutt.
La avkjøle litt før servering

ENJOY!!






















