torsdag 15. juli 2010

Enkel og smaksfull grilldessert

Grilla frukt smakar fantastisk godt, og så er det jo enkelt å tilberede. Noko som ikkje er å forakte når ein skal ha mange gjestar:o)
Eg valgte å kutte opp frukta og legge opp i skåler, så kunne kvar enkelt velge kva dei ville ha på grillspyda sine.
Fruktene eg valgte var:
Appelsin, nektarin, aprikos, mango, kiwi, plommer, ananas og jordbær.
Alle frukter med fast kjøtt kan brukast, så her er sjølvsagt fleire valmuligheiter.

Tre frukt på grillspyd, og grill dei i ca 3 minutt.
Deretter ringlar ein over sjokolade og vaniljekesam.
Fekk desverre ikkje tatt bilder av dei ferdige spyda:o(
SJOKOLADE:
50 gram smør
50 gram mørk kokesjokolade
2 ss sirup
1/2 ss kakaopulver.

FRAMGANGSMÅTE:
Smelt smøret sakte, tilsett deretter knekt sjokolade og lat denne smelte ned i smøret. Tilsett til slutt sirup og kakaopulver og rør til ein smidig sjokolade.
NYYT!!

torsdag 8. juli 2010

Daimrullekake

Det er ikkje så mange kakemonsar i dette huset, så det vert eigentleg ikkje laga kaker så altfor ofte....Men no har det vore bursdag i huset, og sidan vi berre hadde kakeselskap så laga eg opp litt kaker...
Her kjem oppskrift på ei deilig rullekake som eg fann oppskrift på inne på Det søte liv

SJOKOLADERULL:
3 egg
1,5 dl sukker
3/4 dl potetmjøl
2 ss kakao
1 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til eggesosis. Sikt inn det tørre og rør forsiktig  til deigen er klumpfri. Bre deigen utover ei stor bakepapirkledd langpanne. Steik midt på ovnen på 225 grader i 6-7 minutt. Kvelv over på sukkerstrødd kjøkkenhandkle eller bakepapir. Dra forsiktig av bakepapiret og avkjøl kaka under langpanna.

FYLL:
150 gram smør
3 dl melis
2 eggeplommar
150 gram daimkuler

Pisk mjukt smør saman med melis til luftig smørkrem. Pisk inneggeplommane og rør forsiktig inn daimkulene til slutt.

Bre smørkremen utover heilt avkjølt kake. Rull saman frå langsida og legg over på passande fat. Sikt gjerne over melis på toppen av kaka:0)

ENJOY!!

tirsdag 6. juli 2010

Sommarens skjønnaste kake:o)

Her kjem oppskrifta på ei FANTASTISK god kake som verkeleg kan anbefalast på det varmaste...
MARENGSBOTN:
3 eggekvitar
3 dl sukker
1 klype salt
1 ts pressa sitron

Set steikeovnen på 90 grader. Skil egga forsiktig. Pisk eggekvitene, sukker, salt og sitron i ein bolle. Pisk til sukkeret er smelta og marengsen er seig og blank.

Teikn ein sirkel med diameter 26 cm på eit bakepapir. Teikn på baksida, ellers vil det sette seg merke i marengsbotnen. Leggast på ovnsbrett. Bruk steikespade og fordel godt innanfor sirkelen. Bre utover slik at det vert ein kant ytterst. Evt kan ein bruke sprøytepose.
Steikast i 2 timar. Slå deretter av varmen og la avkjøle seg med open ovnsdør.
EGGEKREM:
3 eggeplommar
1 dl kremfløyte
1 dl melk
3 ss sukker
1 ss maisenna
1-2 ts vaniljesukker eller frø frå 1/2 vailjestang.

Ha eggeplommar, fløyte, melk, sukker, maisenna og vaniljesukker/stang i ein liten, tjukkbotna kjele. Lat tjukne under konstant omrøring. Når kremen er tjukk avkjølast den under stadig omrøring.

PYNT:
Minst ei korg med jordbær.
Fordel eggekremen på marengsen og pynst like før servering:o)
ENJOY!!

mandag 5. juli 2010

Paprikasalat

Ovnsbakt paprika har utruleg god smak og eg trur det passar nær sagt til det meste. Eg serverte denne til kjøtt. Men den kan og inngå i eit tapasbord og eg er mest sikker på at det vil smake godt både saman med fugl og fisk:0))

Ingrediensar:

1 raud ell. oransje paprika
1 grøn paprika
1 gul paprika
2 ss olivenolje
1 ts salt
½ ts pepar
1 ss hakka bladpersille


Framgangsmåte:
Set steikeovnen på 250 grader. Del paprikaene i to, fjern kjerner og frø.
Legg på brett/langpanne med skalsida opp og ha godt med olje over.
Sett paprikaen i ovnen, og la den stå til den er mørk og nesten ”brent”.
Ta dei ut og legg plastfilm eller aluminiumsfolie over og kjøl ned. Etter ei stund kan du  flå skinnet av paprikaen.
Del paprikaen i bitar, vend saman med olivenolje, salt, pepar og finhakka frisk bladpersille.