mandag 21. juni 2010

Sjokolademuffins...

Oppskrift nr. 2 er følgande:

SJOKOLADEMUFFINS MED BRINGEBÆR OG BLÅBÆR
150 gram smør
2 dl sukker
3 egg
2 ts bakepulver
2 ss kakao
ca 4 dl mjøl
1 dl melk
100 gram blåbær
100 gram bringebær

Smelt smør og set til avkjøling. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland det tørre inn vekselsvis med smør og melk.
Fyll muffinsformene 2/3 del opp, og bruk gjerne doble former. Putt ned i bringebær/blåbær anten kvar for seg eller blanda.

Steiketp: 200 grader
Steiketid: 10 minutt
Midt i ovnen

Her ser ein både vaniljemuffinsane(som var oppskrift på i forrige innlegg) og sjokolademuffinsane
BON APETIT...

Vaniljemuffins med bær:9)

På Rakel si sommar avslutning hadde eg i oppgåve å ta med kake...Litt stressa og lettare forvirra i forkant medførte at eg gløymde dette litt ut. Heldigvis fekk eg ein påminningsmail kvelden før. Sto då med hovudet ned i kofferten og skulle reise til Florø dagen etterpå. Tom for det meste, og her var gode råd dyre. Opp på butikken kl. 08.00 neste morgon, og dermed måtte det bli noko lettvint...

Valget fall på to sortar muffins, og her er då oppskrift nr 1:
VANILJEMUFFINS MED BÆR
150 gram smør
3 egg
2 dl sukker
2 ts bakepulver
1 ss vaniljesukker
4 dl mjøl
1 dl melk
ca 50 gram blåbær
ca 50 gram bringebær

Smelt smør og set til avkjøling. Pisk egg og sukker til stiv eggedosis. Sikt det tørre i vekselsvis med smør og melk.

Fyll 2/3 dl opp i muffinsformene. Eg valgte å bruke doble former, ellers har dei litt lett for å sige utover. Putt ein tre-fire bær i kvar muffins. Enten berre blåbær/bringebær eller ein kan blande.

Steiketid: 10 minutt
Steiketp: 200 grader
Midt i ovnen

ENJOY!!

søndag 20. juni 2010

Årets første sjølvfiska måltid

I dag heiv vi oss på impuls avgårde til elva og resultatet vart ti flotte "kjø", eller småaure/ørret. Kva er vel betre enn sjølvfiska blodfersk fisk til middag? Tilberedt rustikt og enkelt?

STEIKT KJØ MED POTETER OG KOKTE GRØNNSAKER
Paner fisken enkelt i mjøl med salt, peppar, limepeppar og chili. Steik fisken i god og varm panne tilsett enten smør eller olje. Steik ferdig side for side og ver tolmodig. Når fisken har fin, brun steikeskorpe er den ferdig.
Nytast med nypoter tilsett litt smør og eit dryss peppar og kokt brokkoli, blomkål og gulerot.

Til dessert kan ein ha ein velkjent, enkel og klassisk dessert.

JORDBÆR MED FLØYTE OG MELISDRYSS
Del jordbæra opp i to eller fire, alt etter størrelse. Tilsett fløyte. Noko som har blitt ein favoritt her er Tine sin lette dessertfløyte. (Ungane vil som oftast ha vaniljesaus.)Dryss melis over med sikt.
BON APETIT!!

fredag 18. juni 2010

Brownies med skogsbær

I disse tider er det en god del avslutninger både på skolen og på fritidsaktiviteter. Da er det svært greit å ha lettvinte kakeoppskrifter på lur.

INGREDIENSER:
150 gram smør
100 gram lys kokesjokolade
100 gram mørk kokesjokolade
3 egg
2 dl sukker
2 ts bakepulver
1 ss vaniljesukker
2 dl hvetemel
100 gram skogsbær

FREMGANGSMÅTE:
Smelt 150 gram smør på svak varme. Knekk opp sjokoladen og tilsett den i smøret. Trekk av platen og la sjokoladen smelte ned. Rør blandingen glatt. Tilsett deretter ett og ett egg og rør godt mellom hvert egg. Tilsett 2 dl sukker, deretter bakepulver og vaniljesukker. Sikt i melet og bland til en glatt røre. Hell over i liten langpanne eller evt rund springform 24 diameter.Strø over skogsbær og dra røre over slik at bærene blir noenlunde dekket.

Kaken skal stekes midt i ovnen på 175 grader i 20.25 minutter.
Dersom du dobler oppskriften passar den til stor langpanne, og da blir steketiden omtrent 40 minutter. Men vær obs på at dette er individuelt fra ovn til ovn.
Avkjøles på rist. Ta gjerne et melisdryss på før servering.

VEL BEKOMME!!

onsdag 16. juni 2010

Vellykka middagsselskap med treretters meny:o)

Torsdag fyllte jenta vår åtte år, og laurdag var det duka for både barneselskap og "voksenselskap" som ungane mine kallar det... I voskenselskapet valgte eg i år å servere full middag, og det må innrømmast at eg var litt spent på gjennomføringa sidan eg aldri har laga middag til så mange før. Men med god forberedelse så var det ikkje så vanskeleg å gjennomføre som eg på førehand trudde!!
Eg har oppretta ein eigen etikett på treretters middag, og i desse kjem eg og til å legge med liste over kva du treng i handlekorga di:o)

Menyen:

SCAMPI MED SPEKESKINKE OG KRABBEFYLLT AGURK

KVAL MED PANNESTEIKTE GRØNNSAKER OG FLØYTEGRATINERTE POTETER
Sidan eg hadde 16 vaksne til bords krevde dette litt planlegging og forbereding. Kvalbiffen skar eg i ferdige stykker dagen før. Potetene vart skrella og grønnsakene oppkutta om morgonen. Kjøtet forsteikte eg tre timar før gjestane skulle kome, for å unngå så mykje steikelukt/os i huset når gjestane ankom.
Slik går du fram:
Set dei fløytegratinerte potetene i ovnen ein time før gjestane kjem. Oppskrifta på potetene finn du HER
Kvalkjøtet skal saltast og peprast. Steik på sterk varme til du får fin steikeskorpe på begge sider. Deretter legg du kjøtet utover på langpanne. Der kan det ligge til du set det i ovnen ca 15 minutt før middagen skal inntakast. Då set du det i ovnen under dei fløytegratinerte potetene. Steikepanna kokar du ut med vatn, og silar så krafta over i ei gryte.
Tilsett ca 1 dl fløyte/matfløyte. Støyt og tilsett 5-6 einebær, 5 skiver brunost og ei spiseskei matfløyte. Kok opp og la putre nokre minutt på ovnen.
Har du mange gjestar til bords må grønnsakene steikast i fleire omgangar. steik i varm panne med olje, og tilsett gjerne litt smør mot slutten for ekstra god smak. Når grønnsakene er ferdig steikte, smakar du til med salt og peppar.(Eg brukar pepparkvern og maldonsalt)

SYRLEG PANNACOTTA MED KIWI OG NEKTARINSALAT
I stadenfor berre kiwisalat blanda eg like delar nektarin og kiwi. Pga gjestemengda hadde eg heller ikkje nok porsjonsglas, og valde difor å lage pannacottaen i ein stor bolle.
Menyen var ikkje annonsert på førehand, og eg var difor litt spent på korlesi gjestane ville reagere på kvalkjøtet. Men alle såg ut til å like det, så eg er jo glad for å ha slått eit slag for dette fantastiske kjøtet som både er sunt og smakar godt!!

HANDLELISTE:
12 scampi
12 spekeskinker av god kvalitet
Strimla mozzarella
salt og peppar
1 slangeagurk
150 gram kongekrabbe
Creme fraiche
1 raud chili
Fersk ingefær
Reddikar
Sitronmelisse
400 gram kvalkjøtt
1 squash
1 rødløk
1 stor eller 2 små
1 stor eller to små aromasopp
2-3 østerssopp
1/2 raud paprika
1/2 oransje paprika
3 pk fløyte
1 pk matfløyte
10 poteter
1 pk bernaisesaus
Kvitløk
Gelatin
1 vaniljestang
Heil stjerneanis eller evt malt stjerneanis
1 sitron
Sukker
Youghurt naturell
Demerasukker
Kiwi
Nektarin

BON APETIT...

mandag 7. juni 2010

Pannekaker

Pannekaker kan faktisk være en hel vitenskap å finne ut av. Noen liker dem tykke, andre tynne, noen med sukker og andre med blåbærsyltetøy. Noen mener at det ikke blir middag utan bacon til, andre hater bacon, noen MÅ ha suppe og atter andre synes det høres latterlig ut med suppe til pannekaker. Så er det også de som foretrekker fylte pannekaker, og andre som varierer med fylte pannekaker.I tillegg til alle disse bestemmelsene så er det utfordringen med steketiden og å få snudd dem før de blir svidde men etter at oversiden har begynt å bli fast...Å snu flytende pannkekaker er å be om trøbbel, sånn er det med den saken!!

Min pannekakerøre er som følger:
1 liter H-melk
4 egg
1 1/2 ts maldonsalt
Ca 5 dl hvetemel

Hell melken over i en bolle og knekk i eggene. Rør lett sammen og tilsett de øvrige ingrediensene. Rør sammen til en glatt røre.Jeg steker pannekaker på forholdsvis høy varme, men ikke full. Denne røren holder til 10 pannekaker normalt sett. I det siste har det vært ønske om litt tynnere pannekaker, og da holder den til ca 14. Ekstra kule blir de om man tilsetter icingcolor eller konditorfarge.

VEL BEKOMME!!

lørdag 5. juni 2010

Kylling med jarlsbergost & cherrytomatar, pannestekte grønnsaker og ris...

Kom over noko spennande i kjøledisken i dag...Jarsbergost marinert i chili og kvitløk. Reiv med meg ein sånn med tanke på noko kylling i kjøleskapet. Dette kompaniskapet vart riktig så vellykka om eg skal seie det sjølv;o)

Salte og pepre fire kyllingfiletar. Steikast på panne til det oppnåast ei brun og fin steikeskorpe.

Bland saman:
1 ss raudvinseddik
1 ss balsamicoeddikk
2 ss av marinadeoljen frå jarsbergosten
Rosmarin
Grasløk
Legg kyllingfiletane over i ei eldfast form og slå marinaden over. Legg deretter over halve cherrytomatar og jarlsbergterningar. Inn i ovnen på 200 grader.
Set risen på kok.

Kutt opp:
1 selleristang
2 vårløkar
1/2 squash
Litt sellerirot
Steikast i olje i steikepanne. På slutten tilsettast sukkererter og litt smør for å piffe opp smaken. Trekk vekk frå plata, salte og pepre.

Anrett på tallerken, ringle marinaden over risen og....ENJOY!!

torsdag 3. juni 2010

Key Lime Pai

 Første gang eg høyrde om key lime pai var i vinter når eg fulgte med på fire stjerners middag. Runar Sørgaard serverte key lime pai innflogen frå USA. Eg vart veldig nysjerrig på kva dette var, og søkte meg litt rundt på nettet. Mange oppskrifter å finne, men dei fleste på engelsk. Men kom til slutt fram til denne oppskrifta frå Klikk. Eg hadde veldig høge forventningar som ikkje vart heilt innfridd. Men ein frisk og god dessert er det:o)
INGREDIENSAR:
4 dl knust Kornmo kjeks
0,5 ts kanel
0,5 ts kardemomme
100 g usalta smør
1 pl gelatin
0,25 ts salt
1,5 dl silt limesaft
1 ts reve limeskall
2,5 dl sukker
4 stk egg
0,5 dl vann
2,5 dl fløyte


FRAMGANGSMÅTE:
Smelt smøret. Bland saman alle ingrediensane i ein bolle. Hell blandinga i ei paiform og trykk deigen saman i forma. Pass på å få den godt oppover kantane.
Bløyt opp gelatinen i kaldt vatn. Klem vatnet ut av gelatinen og ha den og halvparten av sukkeret og saltet i ein kjele. Tilsett limesaft og reve skal. Skill eggekvitane frå plommane. Visp inn eggeplommane i gelatinblandinga. Varm opp på svak varme under stadig omrøring til blandinga tjuknar. Den skal ikkje koke. Ta kjelen av varmen og avkjøl blandinga. Rør i den av og til, slik at den ikke stivnar. Pisk eggekvitane stive med resten av sukkeret. Fold eggekviten forsiktig inn i limemassa. Visp fløyten stiv, og fold den inn i egg-lime-kremen. Hell fyllet i paiskallet og la paien stå i kjøleskapet til den skal serverast.

BON APETIT!!

onsdag 2. juni 2010

Syrleg pannacotta med kiwisalat

Etter inspirasjon frå TRINE  har eg laga syrleg pannacotta. Dette er verkeleg å anbefale. Oppskrifta er Trine si, men eg gjengir den og her...

INGREDIENSAR TIL PANNACOTTA:
2-3 gelatinplater
1 dl sukker
1,5 dl youghurt naturell
3 dl kremfløyte
1 vaniljestang

Legg gelatinen i kaldt vatn i ca 2 minutt. Splitt vaniljestanga i to og skrap ut frøa. Legg den splitta stanga og frøa i ei gryte saman med fløyte og sukker, og gi eit forsiktig oppkok.Trekk gryta til side. Klem vatnet ut av gelatinplatene og legg dei i fløyteblandingen. Rør forsiktig til gleatinene er heilt oppløyst. Rør så inn youghurten til du får ein glatt konsistens. Hell deretter blandinga over i passande serveringsglas. Set i kjøleskap til pannacottaen stivnar. Dei bør stå i alle fall i 6-8 timer. Har du ikkje tid til å vente så lenge kan du bruke tre gelatinplater istedenfor to.


INGREDIENSAR TIL KIWISALAT:
3-4 kiwi
1 dl demerasukker
1 pressa sitron
1/2 ts stjerneanis
5 ss vatn

Kok opp sitronsaft, vatn, sukker og anis. La det stå og putre nokre minutt på komfyren. Fjern skalet av kiwiwn og skjær opp i små bitar. Hell den varme sukkerlaken over kiwien. La blandinga avkjøle seg litt før du set det i kjøleskapet.
Takast ut 1/2 time før servering. Ta ei romsleg skei av kiwisalaten på toppen av pannacottaen like før servering.
Trine brukte nektarinar og  heil stjerneanis, men sidan ikkje nokon av delane var å oppdrive på mine breiddegrader gjorde eg ein annan vri:0)

NYT...

Marinert svinefilet med steikte grønnsaker og potetstappe...


DU TRENG:
1 svinefilet på ca 600 gram
10 store poteter
5 dl fløyte
Reddik
Sukkererter
Paprika
Raudløk
Selleristang
Purre
Cherrytomatar
Salt
Peppar
Chilikrydder
Olivenolje
Balsamicoeddik
Raudvinseddik

MARINADE:
3 ss olivenolje
2 ss balsamicoeddik
4 ss raudvinseddik
Chili explotion krydder
Forest blend krydder
Limepeppar
Salt
Bland marinaden godt saman og legg i pose saman med kjøttet over natta.

Steik kjøttet i panne med smør til det får ei fin steikeskorpe, så inn i ovn på 175 grader til steiketermometeret viser ein kjernetemperatur på ca 65 grader. Ta ut av ovnen og la kvile. Sil krafta og kok til saus. Tilsett 3 dl vatn, 5 skiver brunost og 1 dl fløyte. Smak til med krydder og balsamicoeddik.

Skrell og kutt potetene i terningar. Kok. Sil av vatnet når potetene er ferdigkokte og stapp saman. Tilsett eit par ss smør og varm fløyte. Stapp til du får ein konsistens du er fornøgd med. Salte og pepre.

Kutt opp grønnsaker og steik dei lett i panne. Slå over ca 1 dl fløyte og la dette putre. Snitt sukkererter og skjær opp reddikar. Steik lett i panne, deretter salte og pepre.

Anrett på tallerken og server.
BON APETIT!!

tirsdag 1. juni 2010

Bruchetta med eggesalat og rogn


DU TRENG:
1 baguette
God olivenolje
4 stk egg, hardkokte

0,5 ss løk, finhakka
4 ss majones
3 ss kremost
2 ss lettrømme
Svart lodderogn
Raud lodderogn


Fremgangsmåte
Pensle brødskivene med litt olivenolje, legg på eit bakepapirkledd steikebrett og steik gylne i steikeovn ved 225 ºC.
Finhakk egga og bland saman ingrediensane til salaten.
Dander på fat og pynt med raud og svart lodderogn.

Enjoy:o)