fredag 28. mai 2010

Sjokoladesouffle:0)

Då er vi komne til the grand finale i grillaftenen, og desserten eg serverte var ein nydeleg sjokoladesouffle. Fyrste gongen eg prøvde meg på souffle, så det var jo litt spennande. Som ein ser av bilda så gjekk den litt ned på midten når eg tok den ut av ovnen, men det er nok mest pga at steiketida vart for kort i min ovn...

INGREDIENSAR:
200 g kokesjokolade
1 stk eggeplomme
1 stk vaniljestang
3 ts maisenna
1 dl kremfløyte
0,5 dl melk
3 stk eggekvitar
5 ss sukker
smelta smør til smøring av formene


FRAMGANGSMÅTE:
Pisk saman eggeplommen og maisenna.
Splitt vaniljestanga på langs og skrap ut frøa. Ha frø og stang i ein kjele med fløyte og melk. Kok opp og pisk godt slik at frøa ikkje klumpar seg. Avkjøl i nokre minutt.
Hell vaniljemelka over eggeblandinga og rør kraftig.
Smelt sjokoladen i vannbad. Hell melke-blandinga over sjokoladen (pass på å få med vaniljefrøa).
Pisk eggekvitane med sukkeret til det får stive toppar. Vend det inn i sjokoladeblandinga slik at det vert luftig.
Smelt smør og pensle små ildfaste former. Ha sukker i formene og hell rundt på formene til det festar seg langs kantane og i botnen. Hell i røra, men ikkje heilt opp til kanten.
Varm ovnen til 160 grader. Steik i ca 15 minutter. Servér straks.(I min ovn vart 15 minutt for lite, så eg aukar til 20 minutt neste gang)

Nyyt:0)

torsdag 27. mai 2010

Grilla kvalbiff med potet og grønnsakspakkar...

Eg er veldig glad i kvalkjøtt, men det må vere ferskast muleg for at det skal smake godt. Eg kjem aldri til å gløyme den gangen eg inviterte svogeren og svigerinna mi på kvalmiddag. Dei hadde aldri smakt det før, og var nok rimeleg skeptiske. Eg lovprisa denne fantastiske smakopplevinga opp i skyene. Når maten kom på bordet, var det nok hos meg haka datt mest...Det var gammalt,harskt kjøtt med masse lintrer og så smakte det endog tran...*sukk*
Men denne gangen var heldigvis smaksopplevinga fortreffeleg:0)
DU TRENG:
800 gram kvalkjøtt
Poteter
Kryddersmør(eg valgte latmannsvarianten og kjøpte chilismør og middelhavssmør)
Salt
Peppar
Olje
Raud og gul paprika
Squash
Purre
Reddikk
Sukkerter


Skjær opp kvalbiffen i passande stykker(1-2 cm tjukke)
Salte og pepre.

Skjær poteter i terningar, og legg det i ein stor folie. Tilsett begge sortar kryddersmør. Pakk det godt inn, og forsikre deg om at pakken er heilt tett.
Legg på grillen. Potetene har ca 20 minutts grilltid.

Skjær purre i ringar, squash i halmånar, paprika i strimlar. Hell over litt olje og pakk godt inn.
Legg på grillen. Grønnsakene har ca 7-10 minutts grilltid. Salte og pepre når det er ferdig

Legg kvalbiffane på grillen. Desse grillast nokre minutt på kvar side. Her er det viktig at dei ikkje ligg for lenge på grillen, ellers vert dei tørre og seige.

Skjær reddik i halvmånar og splitt sukkerertene i to. Ringle over litt olje. Legg over på folie som du brettar opp langs kanten. Grillast i 2-3 minutt. Salte og pepre når det er ferdig.

ENJOY!!

onsdag 26. mai 2010

Grillede blåskjel med aromatisk saus

I helgen har vi hatt koselig besøk av min søster med familie. Da har jo selvsagt de gode måltidene en sentral plass. Fredag var det nydelig vær, og valget falt på grillmat.

DU TRENGER:
2 kg blåskjell
0,5 dl sitronsaft
1 dl hvitvin
150 g smør
2 fedd hvitløk
2 dl hakkede urter som persille, gressløk og dill
0,5 ss kvernet pepper

FREMGANGSMÅTE
Ta et stor ark med alumimiumsfolie og brett det dobbelt. Form det så til en korg.
Ha skjellene i korgen sammen med sitronsaft og hvitvin. Kjørr mykt smør i en foodprosessor sammen med hvitløk og alle urtene.Kjør sammen til et grønt smør.
Legg smøret blant blåskjellene. Brett sammen korgen med aluminiumfolie slik at posen blir helt tett. Legg pakken på god varm grill. Grill i 5-10 minutter til skjellene har åpnet seg og du har fått en aromatisk saus til blåskjellene.Server gjerne fletteloff eller foccacia til.
VEL BEKOMME!

søndag 23. mai 2010

Nakkekoteletter med pasta og lunt følge

I dag vart det litt sånn "man tager hva man haver middag", men jammen kan no slike middagar verte både gode og smakrike.

DU TRENG:
Nakkekotelettar
Olje
Balsamicoeddik
Soyasaus
Krydder etter ønske
(Mitt forslag: Chiliexplotion, forest blend, limepepper,salt)
Matfløyte
Brunost
Eple
Raudløk
Purre
Smør
Pasta


Pensle kotelettane med ei blanding av olivenolje, balsamicoeddik, soyasaus og krydder. Steik dei eit par minutt i smør på kvar side, og set dei deretter i ovnen på 200 grader.
Kok ut panna, og sil krafta over i ei gryte. Tilsett deretter ca 1 dl fløyte, nokre skiver brunost og litt ekstra balsamicoeddik. Kok opp, slå ned og la stå og putre.
Set pastaen på kok.
Skjær eit eple i terningar, purre og løk i ringar. La dette surre seg blankt i ei panne tilsett olje. Bland gjerne i nokre terningar med smør for smaken si skyld. Når dette er ferdig surra, strø over litt salt og nykverna peppar.
Anrett på tallerken, og....
ENJOY!!

onsdag 19. mai 2010

Torsk med mandelpoter, rotgrønnsaker og garnityr av sukkererter og reddikar.

Fisk har eg lett for å gå litt lei av dersom det går mykje oppatt i det same, så då gjeld det å ta fantasien til hjelp og prøve seg fram med forskjellig tilbehør. Denne rettern komponerte eg med stort hell i går.

DU TRENG:
Torskefilet
Sukkererter
Redikkar
Mandelpoteter
Smaksgulerøtter
Sellerirot
Vatn
Melk
Kvitvinseddik
Salt
Peppar
Olje
Margarin

Skrell og del potetene opp i skiver. Del gulerøttene på langs og del opp sellerirot i passanda bitar. Legg dette saman i ei ildfast form.

Lag sausen:
Smelt 2 ss smør og tilsett 2 ss kveitemjøl. Rør til dette dempar seg ned. Tilsett då 2 dl melk, 1.75 dl vatn og 0,25 dl kvitvinseddik. Tilsett så ein terning urtegården~kvitløk og persille. Smak til med salt og peppar.


Slå sausen over grønnsakene og potetene, og set inn i ovnen på nederste rille.
Steiketp: 200 grader.

Krydre fisken med salt(Maldonsalt) og peppar. Varm olje i ei steikepanne og steik fisken nokre minutt på kvar side.Tilsett smør og la surre litt for smaken sin del(men dette er ikkje nødvendig om du ikkje ynskjer å bruke smør) La deretter kvile i panna.

Snitt sukkererter på langs og del reddikar opp i skiver. Gi eit raskt oljefres i panne og krydre med salt og peppar.

Anrett på tallerken...
BON APETIT!!

søndag 16. mai 2010

Himmelsk munnfull

Denne veka har vi vore i konfirmasjon, og då måtte tante trå til å lage Oreokake som vart bestillt allereie for halvanna år sidan. Var innom butikkane i Førde utan å finne oreokjeks, men visste jo at Sparbutikken der vi bur fører desse kjeksa. Men når eg kom dit var der ingen oreokjeks, og eg trudde mest eg skulle få slag når kjøpmannen kunne fortelje at oreokjeksa har gått ut av produksjon....Her var gode råd dyre, men så kom eg på at det har komt nokre nye kjeks som heiter Dots, og dei smakar nett som oreokjeks...og dermed var kaka redda:0))
Her er oppskrifta

Du treng:
450 g Oreo(3pk)
100 gram smelta smør
2 pk tine naturell ost
eller 1 pk philadelphia
2,5 dl melis
1 pk fløyte
2,5 ss sukker
1pk toro sjokolademousse
3 dl melk til mousse
Slik gjer du:
1/4del av oreoane brekkast og leggast til side.
Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei.
Hell dei i botnen av forma og hell 100g smelta smør over.
Trykk dette litt ned i forma for at botnen skal bli fast og fin.
Mix kremost og melis slik at det blir ei luftig blanding.
Så mixar du fløyte og sukker til krem.
Bruk halvparten av fløtekremen og bland med ostekremen. (Bruk mixmasteren på lavaste nivå eller bland med en sleiv.)
 Smør ostemassa på oreokakebotnen og dryss knuste biter av den 1/4delen av oreoene du la til sides i begynnelsen.Sett dette 30 min i kjøleskapet.
Mix så sjokolademousseen(følg pakningen) og smør den oppå osteblandinga.
Sett den så inn i kjøleskapet igjen i 1 time.
Til slutt smører du resten av kremen som du også la til side oppå kaka og pyntar den nett slik du har lyst:0)
Her viser eg fra to variantar. Denne gangen laga eg kremrosettar rundt kanten, og la knuste kjeks opp på toppen. Tilslutt ringla eg litt sjokoladesaus over.
På denne har eg kun ringla over sjokoladesaus, som eg har trekt utover med slikkepotten. Eg brukar den typen som stivnar på is, då eg tykkjer den er tjukkare og lettare å jobbe med.
ENJOY!!

onsdag 12. mai 2010

Verdens beste sjokoladekake...

Kom plutseleg på her at det enno ikkje er lagt ut bilde og oppskrift av bursdagskaka til den nyslåtte 11-åringen i huset...Her har det til no råda temakaker, og eg har laga alt i frå tog til Titanic`s fall. Stor var derfor overraskelsen då årets ønske kom: "Eg vil berre ha ei vanleg sjokoladekake, eg, Mamma. Den supegode som du brukar å lage"
Det fekk han, og kaka? Jo den gjekk unna som varmt kveitebrød;o)


INGREDIENSAR:
5 egg
4oo gram sukker
ca 450 gram kveitemjøl
4 ts bakepulver
4 ss kakao
4 ts vaniljesukker
5 dl mjølk
300 gram margarin

Smelt smør og set til avkjøling. Visp eggedosis av egg og sukker. Sikt saman det tørre og bland forsiktig inn i eggedosisen vekselsvis med det våte. (Eg brukar ein god slikkepott.)
Hell røra i ei stor langpanne. Eg brukar bakepapir i botnen.
Steikast på nederste rille ved 200 grader i 20-25 minutt.

GLASUR:
6 ss margarin
300 gram melis
3 ts vaniljesukker
2 ss kakao
6 ss kaffe.

Visp margarin og melis godt saman. Tilsett kakao og vaniljesukker. Tilsett deretter litt og litt kaffe, denne bør helst vere avkjølt, ellers har kremen lett for å skille seg.
Bre deretter glasuren utover den avkjølte kaka, og pynt etter ønske. (Denne gangen brukte eg kakestrø og geletoppar. Men eg synst og den er utruleg god med kokos.)Del så opp i passelege firkanta stykker.


Enjoy:o)

tirsdag 11. mai 2010

Kransekaketerte med vaniljekrem og jordbær

Ei lettvint kake med nydelege smakar....
INGREDIENSAR:
500 gram kransekakemasse
2 eggekvitar
100 gram kokesjokolade
5 dl vaniljekrem
1,5 dl kremfløyte
Jordbær
Mandelflak
Ha kransekakemasse oppdelt i bitar i ein foodprocessor saman med eggekvitane. køyr på full hastigheit til massa er godt blanda.
Teik ein sirkel på 22 cm i diameter på eit bakepapir. Legg bakepapiret på steikeplata og smør drøyt halvparten av massa utover papiret. Ta resten av massa over i ein sprøytepose og sprøyt rosettar langs kanten på botnen.
Steikast midt i ovnen på 230 grader i drøyt 10 minutt. Avkjølast heilt på plata. dra papiret forsiktig av og legg kaka over på eit kakefat.
Smelt 100 gram kokesjokolade i vannbad og smør utover botnen. Settast i kjøleskap til sjokoladen har stivna.
Pisk kremfløyten stiv og bland saman med vaniljekremen. Bre kremen utover botnen og pynt med jordbær og mandelflarn.

mandag 10. mai 2010

Appelsinparfait

Denne desserten er syrlig og lett, og passer godt etter et kjøttmåltid, gjerne med en kopp kaffe som følge. Dersom man bruker appelsinskallene som skåler, ser det utrolig flott ut:0)

INGREDIENSER:
4 appelsiner
2 eggeplommer
3 ss sukker
1 dl presset appelsinsaft
1 dl kremfløte
8 after eight sjokolader

Riv skallt av den ene appelsinen, og del deretter alle appelsinene i to. Press ut saften fra appelsinene, og ta vare på de fire halvdelene.Bland eggeplommer, sukker og appelsinsaft i en kjele. Varm blandingen til den tykner. Det skal ikke koke. Rør hele tiden. Når kremen er ferdig tyknet, trekkes den av platen og avkjøles. Pisk kremfløten og rør inn i den avkjølte eggekremen sammen med appelsinskallet og finhakket sjokolade. Fyll parfaiten i de tomme appelsinskallene og sett dem i fryseren i 3-4 timer. Tas opp ca 1/2 time før servering.
Pynt med after eight og gjerne noe frukt. Her har jeg brukt jordbær.
Server!! Vel bekomme:o)

søndag 9. mai 2010

Nydelig heilsteikt svinefilet

Denne fileten kan anten steikast i ovn eller grillast...eg har gjort begge deler. Men når eg grilla den måtte baconet fjernast etterpå, då det vart forholdsvis svartbrent....
INGREDIENS:
ca 600 gram svinefilet
5-6 baconskiver
4 kvitløksfedd
1 chili
Salt
Peppar
Balsamico
Gni kjøttet inn med salt og peppar. Surr bacon rundt kjøttet, og bitt hyssing rundt heile fileten slik at baconet held seg på plass. Legg kvitløksfedd og chili under hyssingen.
Pensle det heile med basamicoeddik, og inn i ovnen på rundt 150 grader. Steikast til kjernetemperaturen er på ca 65 grader. Sett på grillelementa og steik nokre minutt på 250 grader, for å ein sprø finish på baconet.
SAUS:
Kok ut sjyen som er i forma. Silast over i panne, eg brukar å ca 4 dl. Tilsett 1 dl fløyte og 5 skiver brunost. smak til med salt, peppar og balsamico.


SOPPSTUING:
2 portobellosopp
3 aromasopp
3 sjampinjong
4 østerssopp
1 løk
3 dl fløyte
1 ss balsamicoeddik
Salt
Peppar
Del opp soppen i passelege bitar og finhakk løken. Slå over fløyte og balsamicoeddik. Tilsett salt og peppar. Kokast godt inn.
ENJOY!!

onsdag 5. mai 2010

Bruchetta med grilla kamskjel

I helga var Mamma på besøk, og då er det jo viktig å diske opp med litt god mat. Fredag var det treretters meny, der denne nydelege forretten var først ut:0)

INGREDIENSAR:
4 stk flådd, moden tomat uten kjerne
1 ss løk
4 sk av baguetter

olivenolje
1 fedd hvitløk
2 fedd hvitløk
rikelig med frisk basilikum
4 ss olivenolje
salt
pepper
4 stk kamskjell

FRAMGANGSMÅTE:
Velg solmodne tomatAr, fersk basilikum og ekstra god olivenolje.
Pensle brødskiveNE med litt olivenolje, legg på eIt bakepapirkledd steikebrett og steik gylne i steikeovn ved 225 ºC.
Gni dei varme brødskivene med eit kvitløksfedd delt i to på langs.
Finhakk flådde tomatar, kvitløk og basilikum. Bland saman og vend inn olje og smak til med salt og peppar.
Skal tomatsalaten stå eistund, vent med saltet, det vil trekke saft ut av tomatane og gjere tomatsalaten "våt".
Del kamskjellmuskelen i to skiver, pensle med litt olje, dryss med litt salt og grill i panne eller på grill i underkant av 1 min på kvar side.
Legg tomatsalaten på de rista brødskivene og avslutt med grilla kamskjell og frisk basilikum.

TIPS: FLÅDDE TOMATAR
Lag eIt lite snitt i tomatskinnet. Legg tomatane i kokande vatn i ca. 1 min. Ta opp tomatane og avkjøl i kaldt vann. Trekk av skinnet. Del tomatane i to og ta ut innmaten med ei lita skei.

tirsdag 4. mai 2010

Snicerskake

Her har det vore bursdagfeiring i helga, og dermed litt kakebaking, he he...
Den første kaka som vert presentert, er snickerskake i langpanne som smakte heilt fortreffeleg.

INGREDIENSAR:
6 eggekvitar
5 dl sukker
1 pk polly peanøtter(350 gram)
1 pk ritz kjeks
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

FRAMGANGSMÅTE:
Pisk eggekvitane stive. Tilsett litt og litt sukker og pisk til det vert tjukk marengs. Knus ritzkjeks og peanøtter i foodprocessor til ei kornete masse. Vend inn marengsen saman med vaniljesukker og bakepulver.  Smør deigen utover ei bakepapirkledd langpanne.
Steikast midt i ovnen på 180 grader i 20-25 minutt. Avkjølast i forma. Kvelv deretter kaka og fjern bakepapiret.

INGREDIENSAR GLASUR:
6 eggeplommar
100 gram melis
100 gram smør
200 gram lys kokesjokolade

FRAMGANGSMÅTE GLASUR:
Pisk melis og eggeplommar til tjukk eggedosis. Smelt smør i ein liten kjele. Knekk sjokoladen i bitar og smelt saman med smøret. Rør blandinga jevn og avkøl til lunken.
Ha deretter sjokoladesmøret i eggedosisen. Avkjølast i kjøleskap til den vert tjukk og smørevenleg. Fordel utover kaka og del den opp i firkantar eller ruter.



































Egnar seg utmerket til frysing om der då skulle vere att nokre restar;o)

lørdag 1. mai 2010

Skinkegrateng.

En skikkelig slager i huset er min hjemmelagde skinkegrateng. Når den kommer på bordet så kan man nesten høre: Svusj...og så er det tomt;9) En gang i verden gikk jeg på grunnkurs helse og miljø der et av fagene var kjøkken(til min store glede). Der laget vi skinkegrateng, som jeg har båret med meg videre, med en del utviklinger siden den første, spe oppskriften.

INGREDIENSER:
(Stor form)
600 gram makaroni
600 gram skinke
1 gulerot
1 selleristang
1/2 liten purre
4 egg
8 dl melk
8 ss hvetemel/maizenna
Maldonsalt
Kvernet pepper
Muskat
Griljermel
Olje
Balsamicoeddik
1 lime

Kok makaroni og kutt skinke i terninger,bland sammen.
Strimle opp gulrot, og bland inn litt olje og balsamicoeddik. Fres raskt på stekepannen og bland inn med skinke og makaroni.

Finhakk purre og selleristang og  bland inn litt olje og lime. Fres raskt i stekepannen før det blandes med de øvrige ingrediensene.Pisk eggene lett sammen. Bland sammen melk og mel/maizenna, smaksett med salt, pepper og muskat. Bland sammen med eggene og slå over ingrediensene i formen.
Til slutt strør du et lag med griljermel/mandelmel/glutenfri brødkrumme på toppen.Stekes på nederste rille i ovnen på 180 grader i ca 40 minutter.
VEL BEKOMME!!
Edit: Man kan selvsagt endre litt etter hvilke grønnsaker eman har i hus. Det er f.eks også godt med vårløk i stedenfor purre, man kan sløyfe stangselleri om man ikke har eller ikke liker det. Man kan bruke sellerirot istedenfor gulerot. Dersom ein vil jazze opp litt kan man kanskje bruke chili og løk!! Mulighetene er mange, begrensningene er fantasien;o)